AESTON by Osigraf & Gnizt
Bridge i Norge - Hjem
 
Handle hos BIN Abonner på BIN Ukens spill Ekspertklubben Nøtteknask
>>> Forsiden / Ukens spill
 
Den einaste sjansen
Nok ein gong handlar vekas spel om å gå på jakt etter det verdifulle ekstrastikket i partevling.

 
E 8 3
E K kn 7
E K 8
E K 6
 
 
4
D 10 5 4 3
kn 10 7
10 5 4 2
 
 
VestNordØstSyd
3 rupass
passdblpass3 hj
pass4 rupass4 hj
passpasspass

 
Nord gjorde ein tapper framstøyt mot slem, men sør følte ikkje han hadde stort å fortelja om. Ut mot utgangen kjem ei norsk spar seks frå vest. Det er elleve nesten heilt sikre stikk i kontrakten, så alt dreier seg om å få tak i det tolvte.
 
Utspelet stikk du med esset, og aust fylgjer med niaren. Det fyrste du kan reflektere over er kvifor det ikkje kom ruter ut frå vest. Det reknestykket er enkelt etter opninga i aust; vest er nok blakk. Enn vidare verkar spar seks i utspel for stor til å vera den lægste frå fem eller sju, så mykje tyder på at vest byrja med sekskorts spar. Det blir understøtta av at aust jo sjeldan har firekorts spar når han opnar 3 ruter, og har han berre dobbel spar, må vest nesten ha ein eller annan sekvens i sorten, som han altså ikkje har spela ut toppen av. 
 
Det er ingen grunn til å vente med trumfen, iallfall ikkje når båe fylgjer på den fyrste. På dei to neste trumfane er aust renons, og kastar ruter.
 
Korleis skal det kunne bli tolv stikk? Dame, knekt kan sitja dobbel i kløver, men det skjer ikkje ofte. Kløveren kan sitja 3–3, og kløver ti på den måten bli eit avkast av rutertaparen i bordet. Kløver ti kan òg bli god om vest byrja med honnør dobbel i kløver, men det ser ikkje ut til å vera plass til fire kløver på aust si hand.
 
Kva med eliminasjon og innspel? I alle situasjonar der kløveren faktisk sit 3–3, vil jo det vera overflødig. Sit kløveren 4–2 med lengda i vest, kan nok ikkje vest spelast inn, for han har frikort i kløver. Ein kan førestille seg ein situasjon der sparen er eliminert, ess og konge i kløver i casha, og aust blir sett inn i ruter utan anna enn meir ruter å spela, til dobbeltrenons. Men det går ikkje i dette tilfellet, for etter å ha stole to spar på handa, har du ikkje att fleire trumf.
 
Skal det bli tale om eit innspel, må det skje på den måten at aust må spela unna ruter dame – og den einaste fargen du har å spela han inn i, er kløver. Altså må han ha ein kløverkombinasjon som gjer at du kan tvinge han inn.
 
No vel. Rutinemessig stel du ein spar etter å ha teke ut trumfen. Aust fylgjer no med knekten. Du spelar ein ruter til esset, og som venta er vest renons. Kan kløveren framleis sitja 3–3? Nei. Teorien om at sparen sit 6–3 ser ut til å stemme, og aust har då byrja med fordelinga 3–1–7–2. Du tek kløver ess, og noterer deg med interesse at niaren fell frå aust. Deretter stel du ein spar til, aust fylgjer med dama, og du spelar ein kløver mot bordet.
     
Vest fylgjer med sjuaren, men no har du planen klar: Du dukkar! Aust må på med knekten, og er inne med berre ruter att. 

 
E 8 3
E K kn 7
E K 8
E K 6
 
K 10 7 6 5 2
9 8 6
-
D 8 7 3
D kn 9
2
D 9 6 5 4 3 2
kn 9
 
4
D 10 5 4 3
kn 10 7
10 5 4 2
 

 
Hadde aust hatt ein mindre kløver enn niaren ved sidan av honnøren sin, kunne han berga seg ved å avblokkere honnøren under esset. Men med honnør, ni var han sjanselaus. Legg han no knekten under esset, må vest på med dama i andre kløverrunde, om han skal hindre at aust kjem inn. Men då er jo tiaren god. 

Av Erlend Skjetne
Skriv en kommentar:
http://  Kode:
Ingen meldinger