AESTON by Osigraf & Gnizt
Bridge i Norge - Hjem
 
Handle hos BIN Abonner på BIN Ukens spill Ekspertklubben Nøtteknask
>>> Forsiden / Ukens spill
 
Korleis sit trumfen?
Dei mange opplysningane ein kan få om sitsen gjennom meldingsforlaupet, er det lurt å samle saman og vurdere så fort som mogleg i speleføringa.

 
D
E 9 8 5 2
K D 7 4
kn 10 3
 
 
E 10 7
-
E 10 8 3 2
E K D 8 7
 
 
VestNordØstSyd
1 hj1 sp2 ru
pass3 rupass5 gr
pass6 grpass7 ru
passpasspass
 

5 grand var den glimrande konvensjonen Store frie, òg kjent som Josephine, etter kona til Ely Culbertson. Meldinga spør etter trumfhonnørar hjå makker. 6 grand synte to av dei tri topphonnørane i trumf. Sør visste at om han fekk dette svaret på 5 grand, måtte 7 ruter ha gode sjansar, med ein feit kløverfarge som fort ville gje avkast av eventuelle spartaparar hjå makker.
 
Med ei norsk spar to ut til kongen og esset, er det nummeret før ein legg ned korta og krev alle stikka. Men det finst éi fallgruve, som sjølvsagt er 4–0 sits i trumf.
 
Det normale med ein farge som denne, er å spela ein liten ruter til kongen. Byrja aust med knekten fjerde i trumf, er det berre å ta finessen på tiaren. Er det det ein skal gjera her òg?
 
Vel, sjansen for at aust har knekten fjerde i trumf er liten, når han er markert med minst fem spar etter meldingane, og etter utspelet å døme har seks. Ein bør altså vurdere kva sjansar som finst om vest har alle trumfane.
 
Faktum er at fargen er god nok til å sage opp fire ruter òg hjå vest. Han har jo i så fall knekten og niaren på topp, som båe kan myrdast av kongen og dama i bordet.
 
Dette krev vel å merkje at alle trumfane i bordet må brukast til å kutte opp trumfen, all den tid ein må spandere ruter ess fyrst for å sjekke korleis trumfen sit. Ein kan altså ikkje bruke trumfen i bordet til å stela spar, og dimed er ein tilsynelatande nede på tolv stikk: Eitt i spar, eitt i hjarter, fem i høvesvis ruter og kløver. Kor skal det trettande då koma ifrå? Finst det overhovudet ei von om vest har fire trumf?
 
Det er eigentleg ikkje vanskeleg. Ein må, i dette tenkte scenarioet, få eit ekstra stikk i trumffargen. Ein kan altså ikkje stela noko i bordet. Stel ein eitt kort på den lange trumfhanda, er ein like langt. Men kva om ein får stole to? Eureka. Då vil ein plutseleg vera oppe i seks trumfstikk, og tretten stikk totalt. Det er det ein kallar ein «reverse dummy», å maksimere mengda trumfstikk ved å stela så mange kort på den lange trumfhanda, at den korte trumfhanda til slutt blir den lengste.

Som sagt, så gjort: Ned med ruter ess i andre stikk, og ein stor smil om munnen idet aust er renons. No går ein ruter mot bordet. Det spelar inga rolle om vest splittar toppkorta sine eller ikkje, men la oss seia han legg i niaren. Kongen tek stikket, så går ein hjarter til steling. For ordens skuld stel ein med åttaren, og spelar nok ein liten ruter. Vest legg lågt, så ein tek finessen på sjuaren. Så går nok ein hjarter til steling med ruter ti, som er den siste trumfen på handa. Endeleg blir bordet spela inn på kløver knekt, og på ruter dame og hjarter ess forsvinn spar sju og spar ti frå handa. Resten av stikka er kløver. 

 
D
E 9 8 5 2
K D 7 4
kn 10 3
 
9 8 2
D 7 3
kn 9 6 5
9 6 5
K kn 6 5 4 3
K kn 10 6 4
-
4 2
 
E 10 7
-
E 10 8 3 2
E K D 8 7
 


Slik såg heile spelet ut. Varianten er eigentleg opplagt, men ikkje di mindre var det nesten ingen som greidde prøva, då ho dukka opp under ei stor partevling i Brighton i England for nokre år sidan. Du trong ikkje eingong melde 7 ruter: 6 ruter med tretten stikk gav 99 prosent score.

Av Erlend Skjetne  
Skriv en kommentar:
http://  Kode:
Ingen meldinger