AESTON by Osigraf & Gnizt
Bridge i Norge - Hjem
 
Handle hos BIN Abonner på BIN Ukens spill Ekspertklubben Nøtteknask
>>> Forsiden / Ukens spill
 
Siste sjanse til å bruke hovudet
Noko av det som fascinerer meg mest med bridgen, er kor utruleg mykje informasjon ein kan pusle i hop om kortfordelinga kring bordet, basert på enkel logisk tenking. Vekas spel er ei motspelsprøve frå den før nemnde BBO-tevlinga Nordic Friendship League, frå ein lagkamp mellom Tromsø og eit finsk lag.

 
9
K 10 5
E D 4 3
E kn 10 5 2
 
E D 7 4
D kn 9 8 2
K 2
9 8
 
VestNordØstSyd
BårdsenHarr
pass1 kl1 hj4 sp
passpasspass


Sei at du er finsk og sit i aust, og ser makker spela ei norsk hjarter tri ut. Sør bed om kongen frå bordet, før han dreg spar ni. Du legg rutinemessig lågt, det same gjer sør, og vest fylgjer med femmaren. Ein hjarter går til esset i sør, sjuaren i vest, før spar konge går til ruteravkast i vest, ruteravkast i bordet og esset hjå deg.
 
Sør har ei bøtte med trumf, men likevel ser det tilforlateleg ut å presse han i hjarter, heller enn å spela opp i nokre av dei feite fargane i bordet. Så du held fram med hjarter dame, sør stel, og spelar nok ein høg spar til kløveravkast i vest, kløveravkast i bordet, og dama di. Er det nokon grunn til ikkje å halde fram med det du allereie dreiv med, å presse speleførar med hjarterfargen din?
 
Det det i alle fall er grunn til, er å ta seg ein augneblink og tenkje igjennom spelets gang så langt. Det gjeld å visualisere speleførars hand, for om mogleg å finne ein beitesjanse. Sør hadde sju trumf frå start, og etter å ha spela tri rundar og trumfa ein hjarter, har han enno tri trumf att. Det vil seia at det ikkje er tale om nokon trumfmatt her. Med fem sikre sparstikk, to toppstikk i hjarter og to minoress, ser det ut til at speleførar er svært nær ti stikk, med den feite kløveren i bordet som fort vil kunne gje eit ekstra stikk. Finst det overhovudet ei von om beit?
 
La oss fyrst sjå på kva fordelingar sør kan ha: Han byrja med ni kort i major, så han har fire kort i minor. Er alle desse fire kløver, har sør aldri meir enn éin tapar til. Er det i staden tri kløver og éin ruter han har, er spelet like opp- og avgjort, ettersom forsvaret aldri vil kunne få meir enn eitt kløverstikk om sør spelar normalt.

Skulle sør ha fire ruter, er han òg i mål, i og med at vest kasta ein ruter på andre sparrunde. Men det er sjølvsagt utenkjeleg at vest skal ha gjort det frå trikorts ruter, då han enno såg på fire ruter i bordet. Det er nesten endå meir utenkjeleg at han skal ha gjort det frå firekorts ruter, så han bør ha byrja med fem, og dimed kan sørs minorkort heller ikkje vera tri ruter og éin kløver. Då står vi att med ei einaste interessant fordeling i sør, nemleg 7–2–2–2. Har sør ein kløverhonnør, kan vi umogleg nekte han ti stikk. Men kva om sør har to småe kløver?
 
Eureka; der har vi det. Spelar vi ein ny hjarter no, vil sør stela, ta ut den siste trumfen og spela kløver mot bordet. Makkeren vår kan like gjerne splitte frå konge dame, viss ikkje tek speleførar for knekten i bordet. Dama blir vunnen med esset, og kløver knekt godspelar tiaren til eit ruteravkast, med inntak på ruter ess.

Men kva om vi sjølve i staden spelar kløver, inne på spar dame? Speleførar må stikke dama i vest med esset, og, som skissert, halde fram med kløver knekt. Makkeren vår kjem inn på kongen og skifter ruter, men no hjelper det ikkje speleførar å stikke med esset i bordet, for vi har enno ein trumf til å ta oss av kløver ti! Sør blir hengjande med ein rutertapar, som i lag med kløvertaparen og to spartaparar gjev oss ei herleg beit.
 
Nøyaktig slik såg spelet faktisk ut:

 
9
K 10 5
E D 4 3
E kn 10 5 2
 
5
7 6 3
kn 9 8 7 6
K D 7 3
E D 7 4
D kn 9 8 2
K 2
9 8
 
K kn 10 8 6 3 2
E 4
10 5
6 4
 

 
I praksis kom ikkje kløverskiftet på det kritiske tidspunktet, og Gunnar Harr vann kontrakten sin. Synst du det var eit vanskeleg skift å finne? Eg tør påstå at mange i praksis ville bomma på denne prøva. Men ikkje di mindre var løysinga eigentleg fullstendig opplagt, om ein berre tok seg tid til å vurdere situasjonen.

Av Erlend Skjetne
Skriv en kommentar:
http://  Kode:
Ingen meldinger