AESTON by Osigraf & Gnizt
Bridge i Norge - Hjem
 
Handle hos BIN Abonner på BIN Ukens spill Ekspertklubben Nøtteknask
>>> Forsiden / Ukens spill
 
Salt i maskineriet
Det var kapteinen på skulelandslaget den gongen eg spela der, jarnbanearbeidar John Våge, som konsekvent brukte dette lett forvirra munnhellet. Ein kan strø salt i såret og sand i maskineriet, men som den eksentriske karakteren han uomtvisteleg er, føretrekte Våge å strø sand i såret og salt i maskineriet.
 
Inspirert av den gamle læremeisteren min, som forresten spela i same pulje som meg i 2. divisjon no i helga, gjorde eg sjølv eit forsøk på å strø litt salt i motpartens maskineri på eit spel. Men det skulle eg så visst ikkje ha gjort, for det slo gruvsameleg attende!

 
10 9 7 4 3
-
E D 8 5
E K 9 3
 
 
E D 8 6 5
10 8 6 4
K 7
D 8
 
 
VestNordØstSyd
BjerksetHarrSkjetneIversen
1 sp
dbl2 gr1)pass3 sp2)
pass5 hj3)dbl5 gr?
pass7 sppasspass
pass
1) Stenberg, utgangskrav med sparstøtte
2) Minimum
3) Exclusion Blackwood, spørsmål etter ess med hjarter ess ekskludert


Storeslem med ein verksam essverdi vekk: Kva gjekk så gale her? Ingenting, før eg dobla 5 hjarter. Kva tyder så dobling av Exclusion Blackwood? Igjen er svaret ingenting, det var iallfall slik eg meinte doblinga: Bondesluare spelarar enn meg har nemleg erfart, og forkynt, at ein alltid, «på pur f», bør doble Exclusion. Om motparten er aldri så trygge på dei vanlege svara på dette spesielle essespørsmålet, kan det hende at ei dobling får det til å gå i surr for dei: Har dei ikkje avtalene i orden, er det fare for at den eine motstandaren blandar inn tankar om såkalla ROPI, der redobling av dobling av eit Blackwood-svar syner null ess og pass eitt, medan makkeren snarare meiner at svara bør vera akkurat dei same som utan doblinga.
 
Det var nøyaktig det som skjedde her. Stig Arne Iversen i sør svara som utan dobling, 5 grand som eitt ess, medan Gunnar Harr meinte at dette var ein ROPI-posisjon, der ein altså redoblar med null og passar med eitt ess, og melder stegvis oppover med fleire, slik at 5 grand må syne to essverdiar pluss trumf dame. Han la difor 7 spar i disken.
 
Storeslemmen står og fell på trumfen. Med hjarter sju ut frå vest, kva variant ville du ha gått for?

Isolert sett gjev spar til dama beste odds for å unngå tapar, men så hadde Stein Bjerkset altså vore inne med ei – i dobbel forstand – opplysande dobling på 1 spar. Når den utspelsdirigerande (?) doblinga av 5 hjarter – i kombinasjon med utspelet – plasserer aust med minst eit par honnørpoeng i hjarter, bør vest ha resten av honnørpoenga for doblinga si. Iversen brukte ikkje lang tid på å stela utspelet i bordet og dra ein spar til esset, for ein soleklår topp i heile den hersens fordømde seriemeisterskapen: 

 
10 9 7 4 3
-
E D 8 5
E K 9 3
 
K
E K 7 2
kn 9 2
10 7 6 4 2
kn 2
D kn 9 5 3
10 6 4 3
kn 5
 
E D 8 6 5
10 8 6 4
K 7
D 8
 

 
2210, 13 IMP ut og minus 15 på butleren for meg og makker. Han var naturlegvis ikkje sein om å sjikanere meg for ein grov venleiksfeil eg gjorde i motspelet: Då det kom spar frå bordet i andre stikk, skal eg sjølvsagt leggje knekten. Det er ein klassikar, fordi det kan lure speleførar til å tru at kongen umogleg kan sitja singel bak: Er knekten eit ærleg kort, må han jo anten vera ein singleton eller frå konge, knekt.

Eg hadde faktisk tenkt å leggje knekten, men vart teken på senga då Iversen drog ein liten spar i staden for tiaren frå bordet, som eg hadde forventa. Men han kunne heldigvis stadfeste for meg etterpå det som verka openbert ved bordet, at han straks ved synet av blindemann hadde bestemt seg for at kongen måtte sitja bak, og at han altså akta å spela på dette uansett.
 
Det som er sikkert, er at motparten ikkje hadde kome i 7 spar utan den psykedeliske doblinga av 5 hjarter, og då hadde vi ikkje tapa 13 IMP. Men på den andre sida: Når makker sit med trumfkongen attom ess, dame, liker du ikkje vanlegvis godt at motparten melder storeslem?

Av Erlend Skjetne

Skriv en kommentar:
http://  Kode:
Ingen meldinger