AESTON by Osigraf & Gnizt
Bridge i Norge - Hjem
 
Handle hos BIN Abonner på BIN Ukens spill Ekspertklubben Nøtteknask
>>> Forsiden / Ukens spill
 
Feil, men rett
Internettevlinga Nordic Friendship League går mot slutten. Lag Tromsø, der underteikna spelar, slo ut to finske lag i høvesvis kvartfinalen og semifinalen, og er i finalen. Der møter vi anten Fredrikstad eller Sørreisa.
 
Vekas spel er frå semifinalen. Vi har tidlegare i denne spalta skrive om fenomenet Morton’s fork. Det kan dukke opp i dei snedigaste variasjonar. Denne gongen vart den spesielle gaffelen redninga for underteikna, i ein hårfin utgang der eit feilval gjorde situasjonen kritisk. 

 
K kn 7
10
E 10 4
10 9 8 5 4 2
 
 
10 9
E K 5
D 9 6 5 3
E K 3
 
 
VestNordØstSyd
BårdsenSkjetne
1 gr
dbl1)3 kl2)pass3 gr
passpasspass
1) Ruter eller båe major
2) Invitt med kløver


Vest spelar hjarter dame ut. Det ser ut til at du vil bli avhengig av å løyse kløveren i dette spelet. Du har ikkje råd til å gje bort stikk i kløver, for då har du berre fem der, ruter ess, pluss ess og konge i hjarter, medan motparten sjølvsagt vil etablere hjarteren så snart dei kjem inn. Du kan òg sjå til sidefargen i ruter, men om denne gjev det maksimale utbytet av fire stikk, har du framleis berre ess, konge i dei runde fargane i tillegg, noko som gjev åtte stikk totalt.
 
Du legg difor ned kløver ess, og dama syner seg frå vest. I høve til teorien om avgrensa val, og ikkje minst når vi veit at vest har båe major, er det nærliggjande å plassere kløverlengda i aust. Du er litt på hælane kva gjeld kommunikasjonen, men sit det som du trur, bør det jo gå bra: Du spelar fyrst ruter til esset, deretter kløver ti rundt, så kløver til kongen og ein spar mot kongen, og har ni stikk jamvel om du aldri får for hjarter konge.
 
Men idet du spelar ruter mot bordet, legg vest på kongen. Dette må nesten vera ein singleton. Det er gunstig, fordi det inneber at du kan kutte opp knekten i aust for ytterlegare to raske ruterstikk. Men aust har enno hald i sorten, med knekt, åtte, sju att. Du må altså framleis få dreis på kløveren.
 
Har du tru på at kløver dame òg var ein singleton? Vest må då ha byrja med heile elleve majorkort. Det kan han saktens ha gjort. Eller er det meir sannsynleg at han byrja med 5–5 eller 4–6 i major, og 1–2 i minorane? Kva blir ditt neste trekk?  
 
Eg spela kanskje matematisk feil då eg gjekk bort frå den eigentlege planen min i kløver, og heller spela kløver til kongen. Huttetu – vest var renons og kasta spar. 
 
No trudde eg eigentleg at eg hadde spela bort denne soneutgangen. Men ein av bridgens viktigaste reglar er at ein aldri må gje opp, og eit eller anna måtte eg jo halde fram med. Ruter kunne ikkje føre fram, og ikkje kløver heller då bordet no var utan inntak, så det var berre å prøve seg med ein spar. Dimed var vest fanga i ein slags Morton’s fork!

 
K kn 7
-
10 4
10 9 8 5
 
E D 8 6
kn 9 6 3 2
-
-
5 3 2
7 4
kn 8 7
kn
 
10 9
K 5
D 9 6 5
3
 


Går han opp på spar ess, kan eg etterpå kutte opp dama, og har kontrakten med to sparstikk, to hjarterstikk, tri ruterstikk og to kløverstikk. I praksis la han lågt, og i ein augneblink vurderte eg å hoppe opp på kongen, for å spela ruter ti og dukke knekten frå aust, i von om at han ville returnere hjarter. Då har eg ni stikk. Men heldigvis oppdaga eg i tide den teoretiske riktige varianten, å leggje liten spar i von om å finne spar dame i vest. Då det heldigvis sat slik, kunne eg no dukke ein ruter rundt til tiaren og knekten. Dimed vann eg kontrakten med eitt sparstikk, to hjarterstikk, fire ruterstikk og to kløverstikk.
 
Heile spelet: 

 
K kn 7
10
E 10 4
10 9 8 5 4 2
 
E D 8 6 4
D kn 9 6 3 2
K
D
5 3 2
8 7 4
kn 8 7 2
kn 7 6
 
10 9
E K 5
D 9 6 5 3
E K 3
 

 
På det andre bordet var kontrakten 3 kløver med heile tolv stikk, for 170 til Finland, så inkje mindre enn 17 IMP stod på spel, i ein spennande semifinale. Heldigvis heldt Tromsø unna, og vann med siffera 65–40.

Av Erlend Skjetne
Skriv en kommentar:
http://  Kode:
Ingen meldinger