AESTON by Osigraf & Gnizt
Bridge i Norge - Hjem
 
Handle hos BIN Abonner på BIN Ukens spill Ekspertklubben Nøtteknask
>>> Forsiden / Ukens spill
 
Skvis en passant
I 2011 fekk Geir Helgemo den internasjonale prisen for årets spel, for ein fantastisk variant han gjennomførde mot meg i ein rundekamp i Trondheim. Det dreidde seg om ein såkalla «entry-shifting squeeze», som på norsk-fransk høgst uoffisielt har vorte kalla «en passant-skvis», i kombinasjon med ein svært spesiell finesse.
 
Tretti år tidlegare, i 1981, gjennomførde den italienske legenda Pietro Forquet same type skvis, like kalkulert. Men mot han hadde forsvaret ein sjanse.

 
9 6 4 3
E 8 6
K 5
D 8 7 6
 
 
E K D kn 10 8
K D 4
9 7 3 2
-
 
 
VestNordØstSyd
Forquet
1 rupasspassdbl
3 kldblpass3 sp
pass4 rupass4 hj
pass5 hjpass6 sp
passpasspass


Glimrande meldt til ein glimrande slem. Ruter ess sit garantert framfor kongen, og alt ein då treng er sparen 2–1, så er kontrakten nedlegg. Vest byrjar med kløver konge, til rutinemessig steling med spar ti, før spar ess diverre avslører at vest er renons.
 
No ser det med eitt mykje dårlegare ut, fordi ein ikkje kan få stole to ruter i bordet utan at vest si spar sju kjem i spel. Ser du likevel moglegheiter?
 
Forquet gjorde det. Han tok endå ein høg trumfrunde, og spela ruter. Vest stakk med esset, og kontra med ruter. Forquet heldt fram med tri rundar hjarter, avslutta inne i bordet, og spela ein kløver til høg steling. Situasjonen var no som fylgjer:

 
9 6
-
-
D 8
 
-
-
D kn
K kn
7
7
-
10 9
 
kn 8
-
9 7
-
 


No drog Forquet spar åtte, og vest var fanga. Kastar han ein ruter, får spar åtte halde stikket, og ein ruter til steling godspelar kvisten der (ein kan faktisk ta det siste stikket på sjølve ølkortet, ruter sju). Kastar vest derimot ein kløver, stikk ein over spar åtte med spar ni, og spelar kløver til steling. Kongen fell, og dama er god.
 
Alle korta: 

 
9 6 4 3
E 8 6
K 5
D 8 7 6
 
-
kn 10 5
E D kn 10 4
E K kn 5 4
7 5 2
9 7 3 2
8 6
10 9 3 2
 
E K D kn 10 8
K D 4
9 7 3 2
-
 

 
Eit fantastisk spel, men du ser vel kva vest kunne gjort for å beite kontrakten? Han skulle dukka den fyrste ruterrunden. Forquet må spela endå ein ruter, men no kan vest halde fram med ein tridje ruterrunde, og tvinge fram ei steling med spar ni i bordet. Nokon skvissituasjon er då utelukka, og kontrakten må gå ei beit.

Av Erlend Skjetne
Skriv en kommentar:
http://  Kode:
 
Navn: Jo Arne Ovesen Dato: 26.4.2018
E-post: jo-arne.ovesen@hotmail.com Hjemmeside: Ingen hjemmeside
Kommentar:
Hvis ruter K står så er vest fremdeles ferdig når s8 spiles etter at hjerteren er eliminert med 5 kort igjen må vest holde Kx i kløver og 3 høye ruter, på s8 må han kaste ruter og nå spilles det bare ruter og vest har valget mellom å godspille den 4 ruteren på handa eller kløver q i bordet.

når s8 spilles er situasjonen: V - - AQJ AX Nord 96 - 5 QX syd j8 - 9xx -