AESTON by Osigraf & Gnizt
Bridge i Norge - Hjem
 
Handle hos BIN Abonner på BIN Ukens spill Ekspertklubben Nøtteknask
>>> Forsiden / Ukens spill
 
Falsk tryggleik
Eg såg på oppgjeret mellom Sunndalsøra og BAK 1 under lagfinalen som ein liten finale, då eg rekna desse to for dei klåraste medaljefavorittane. Det var sant nok i den forstand at Sunndalsøra, som vann kampen klårt, jo òg tok eit klårt gull til slutt. Motstandarane skuffa derimot, og fekk ikkje medalje i finalen.
 
Vekas spel skriv seg frå akkurat denne kampen. Det burde vore butt, men vart i praksis ein utgangssving i Øras favør. I lagkamp er det jo absolutt slik at ein bør spela «safe» når det lèt seg gjera. Men det er ikkje alltid dei opplagte «safety»-variantane er så rosenraude som dei ser ut for.

 
8 4 3 2
K D 7 5
5 2
K kn 3
 
 
E D 6 5
3
E K 8 4
E D 9 2
 
 
VestNordØstSyd
A. RasmussenS. OvridT. CharlsenO. Berset
1 kl
pass1 hjpass2 gr
pass3 kl1)pass3 sp
pass4 sppasspass
pass
A. KindsbekkenC. BakkeR. VollB. O. Ekren
1 kl
pass1 hjpass1 sp
pass2 sppass4 sp
passpasspass
1) Kunstig søk


Det er litt artig å sjå at Ole Arild Berset og Bjørn Olav Ekren – som vanlegvis spelar i parkombinasjon – valde ulike tilnærmingar til sørs hand. Men det var ikkje poenget her: Før du les vidare, kan du jo tenkje litt på korleis du handsamar 4 spar, når eg fortel deg at ruter dame kjem ut, og at hjarter ess sit attom konge, dame.
 
Kontrakten må seiast å vera svært solid, då hjarteren vil gje avkast av ein ruter i sør, slik at det berre er naudsynt å stela éin ruter i bordet. Det er altså fyrst og fremst trumfen det kjem an på. Isolert sett er sparfargen eigna for eit klassisk safespel, då ein kan leggje ned spar ess for eventuelt å felle ein singel konge bak. Dett ikkje kongen, spelar ein liten frå bordet med plan om å leggje dama om aust fylgjer lågt (å freista «pinne» kongen dobbel bak ved å dukke andre runde, er imot oddsen). Ein tapar ingenting på dette om spar konge sat framfor, sidan sorten uansett aldri kan spelast utan tapar.  
 
Både Berset og Ekren såg dette poenget, og spela i praksis nesten likt. Berset drog hjarter til kongen og esset i andre stikk, og fekk hjarter attende til dama, medan han sjølv kasta ein ruter. Deretter spela han spar til esset – kongen fall ikkje bak – kløver til knekten og spar opp mot handa. Ekren la derimot ned spar ess i stikk to, spela deretter hjarter til kongen og esset, og fekk hjarter attende til dama, medan han sjølv kasta ruter. Han spela no ein spar mot handa. Den einaste skilnaden på dei to borda er no om det har gått ein kløverrunde eller ikkje, men la oss seia at det har det, slik at situasjonen er som fylgjer:

 
8 4 3
7 5
5
K 3
 
-
kn
kn 10 9 6
10 8 7
K kn 10
9 6 4
3
6
 
D 6 5
-
K 8
E D 9
 

 
Som vi ser har aust enno tri spar, altså sat sparen frå start 4–1, og aust hadde i tillegg fem hjarter.
 
Bergens Thomas Charlsen la lågt i aust, sikkert i von at Berset ville spela mot oddsen og dukke. Men Berset stakk sjølvsagt med spar dame, og alt var is og brus: Han spela ruter konge og ruter til steling, og alt Charlsen fekk var dei to sparstikka.

Sunndalsøras Roar Voll, derimot, stakk med spar konge og spela hjarter. Ekren kunne stela med sin siste vesle trumf, men hadde no valet mellom pest, kolera og ebola. Han må bli kvitt ruter åtte. Tek han spar dame før han spelar ruter konge og ruter til steling, blir det to beit, da Voll kan stela over bordet og ta for hjarter ni og hjarter seks. Spelar han ruter konge og ruter til steling utan å ta spar dame, stel Voll over og spelar hjarter ni, som tvingar Ekren til å stela med dama, noko som fremjar ytterlegare eit sparstikk i aust, beita.
 
Ekren gjorde sitt beste ved å prøve å bli kvitt bordets hjarter på kløver, men då Voll berre hadde dobbelton og kunne stela i den tridje runden, fekk han fremja eit ekstra sparstikk ved å spela hjarter ni. Heile spelet frå start:

 
8 4 3 2
K D 7 5
5 2
K kn 3
 
9
kn 10 8
D kn 10 9 6
10 8 7 4
K kn 10 7
E 9 6 4 2
7 3
6 5
 
E D 6 5
3
E K 8 4
E D 9 2
 
 
Charlsen burde nok funne motspelet som Voll fann, men det er for så vidt mindre interessant. Det snedige ved spelet er påminninga om at ikkje alt er trygt, som ser trygt ut. Ein safevariant som dekkjer kongen singel bak, men fører til beit med diverse andre 4–1-sitser, er jo unekteleg temmeleg dårleg.

Av Erlend Skjetne
  
Skriv en kommentar:
http://  Kode:
Ingen meldinger