AESTON by Osigraf & Gnizt
Bridge i Norge - Hjem
 
Handle hos BIN Abonner på BIN Ukens spill Ekspertklubben Nøtteknask
>>> Forsiden /
 
Påtråkk av utgang – heilt gratis!

Noregs EM-lag i open klasse fekk ein «flying start» på meisterskapen, med siger 60–0 i IMP, 20–0 i VP mot Hellas. Men etter ein slik kamp er det viktig å ikkje kvile på laurbæra, så vi skal fokusere på eit spel som gjekk gale for Noreg. Faktum er at kampen kunne vore vunne heile 70–0 i IMP, sjå berre her:                                             

 
K 7 6 4 3
6 5 3
E 10 4
10 6
 
8 5
K kn 2
9 3 2
kn 7 5 4 2
kn
E D 10 7 4
K D 7 6
D 9 3
 
E D 10 9 2
9 8
kn 8 5
E K 8
 

                                                

                   Vest                       Nord                   Aust                    Sør

                   Kvangraven          Filios                  Tundal                 Papakyriakopoulos

                                                                                                        1 sp

                   pass                      3 gr                      dbl                       4 sp                  

                   pass                      pass                     pass

 

                   Vest                     Nord                    Aust                     Sør

                   Doxiadis              Lindqvist             Roussos               Brogeland

                                                                                                        1 sp

                   pass                      3 hj                       dbl                      pass

                   pass                      4 sp                       pass                    pass

                   pass

 

Både 3 grand og 3 hjarter var konvensjonelle meldingar som synte sparstøtte, utan at eg kjenner dei eksakte definisjonane. Tundals dobling var openbert opplysande, og så vidt eg veit var grekaren si dobling av 3 hjarter òg det, altså ikkje hjartervisande. Uansett byrja motspelet på båe bord med hjarter to ut til esset, og hjarter attende.

Både Nils Kåre Kvangraven og grekaren spela no ein tridje hjarter, og dimed var det over: Speleførar kunne eliminere kløveren, og deretter sluttspela aust i ruter. Resultatet vart flatt, 420 på båe bord.

I utgangspunktet er det mogleg for speleførar å gisse feil i ruter, altså spela liten til tiaren og deretter leggje lågt frå handa på ruterreturen, i den tru at aust kan ha byrja med honnør, ni. Men då aust dobla opplysande og vest allereie har synt fram konge, knekt i hjarter, var det forholdsvis greitt å plassere aust med båe ruterhonnørane.


Spørsmålet er om Nils Kåre Kvangraven burde ha funne skiftet som drep kontrakten, nemleg ruter. Tundal spela hjarter sju attende i andre stikk, norsk fordeling frå gjenverande. Det var då berre hjarter fire Kvangraven ikkje hadde oversyn over. Sør kan sjølvsagt ha det kortet, altså ha byrja med ni, åtte, fire, men det er no ein gong slik at dei fleste legg småkorta sine frå botnen.

Det verkar altså sannsynleg at makker byrja med fem hjarter, og det er òg på det reine at han har maks éin spar, altså sannsynlegvis sju minorkort, slik at sør byrja med seks minorkort. Har sør fire kløver og to ruter, kan det umogleg koste noko å skifte ruter, då dei eventuelle kløverstikka til forsvaret ikkje forsvinn nokon stad uansett. Har sør fire ruter og to kløver, vil ruterskiftet kunne forenkle ting for speleførar, men honnørane er uansett plasserte hjå aust etter meldingsforlaupet. Det kan vera at speleførar kan få kasta ein kløvertapar i bordet på ruteren sin, men om makker hadde ess, konge eller konge, dame i kløver, ville han kanskje ha prøvd den fargen i stikk to? At han truleg ikkje er så sterk i kløver, gjer det òg sannsynleg at aust kan vera godt forspent i ruter. Har sør 3–3 minor, som var fasiten denne gongen, kan det heller ikkje koste noko å skifte ruter – men er honnørfordelinga som ho aktuelt var, er det avgjerande å finne skiftet i tridje stikk.

I sum er det mykje som talar for ruterskift. Men alt er naturlegvis mykje lettare ved skrivebordet, så fyrst og fremst må vi gratulere Noreg med ein svært lovande start på EM. Det skal bli spennande å fylgje med vidare.

Av Erlend Skjetne

Skriv en kommentar:
http://  Kode:
Ingen meldinger