AESTON by Osigraf & Gnizt
Bridge i Norge - Hjem
 
Handle hos BIN Abonner på BIN Ukens spill Ekspertklubben Nøtteknask
 
Ein dag på det jamne
Det vart ikkje den same susen for dei norske EM-laga i dag som i går, men resultata har heller ikkje vore elendige, og Noreg heng godt med i alle klasser. Fleire VM-plassar må ein kunne forvente no, og det kan fort òg bli medaljar!
 
I open klasse byrja det svært hyggeleg med ein solid fangst mot veikt plasserte Portugal, 17,72 VP. Deretter vart det tyngre mot sterke Israel, som har vore oppe og leia tevlinga, og per no ligg plassen attom Noreg. Det store spelet var ein soneslem som fauk heim for Israel, då Espen Lindqvist valde å spela kløver ut unna kongen. På det andre bordet vart det beit, 17 IMP til Israel. Dei fekk òg 10 IMP på eit spel der Brogeland–Lindqvist spela 3 spar med ni stikk. Ti kunne alltid vinnast, og vart vunne i utgang på det andre bordet, for 620. Aberet var at den andre sida hadde 5 kløver i korta! Like etter kom nye 10 IMP til Israel på eit spennande spel vi skal sjå på under. Av alt dette vart det berre 3,27 VP til Noreg. Heldigvis fekk laget litt attende i siste kamp, 13,97 mot veikt plasserte Sveits. I denne kampen var det fåe IMP i sving, og Noreg hadde berre eitt tosifra vinstspel inn, då Tundal–Kvangraven melde og vann ein hard 5 kløver som mellom andre Norberto Bocchi gjekk beit i. Med ni kampar att ligg Noreg på 4. plass bak Russland, Nederland og Ungarn. Det er berre 8 VP opp til toppen, 12 VP ned til 9. plass, som akkurat ikkje gjev VM-plass.
 
I dameklassa vart det diverre eit tap mot det som no er leiarlaget, Sverige, i fyrste runde. Noreg fekk med seg 6,48 VP. Mot veike Hellas gjekk det mykje betre, 17,97 VP. Men litt skuffande var det nok at det vart berre 9,69 VP mot Tyskland, som ligg nest sist. Noreg overnattar dimed på 3. plass, 8 VP bak Sverige, men heile 29 VP framfor den grufulle plass nr. 9.
 
I seniorklassa byrja Noreg med eit lite tap, 8,24 VP mot nokså sterke Israel. Laget fylgde opp med eitt anna mediokert resultat, 10 VP mot Italia, som riktig nok ligg eit godt stykke bak Noreg samanlagt. Så vart det ein fin siger, 14,60 VP, mot sterke Polen. Noreg ligg dimed på 3. plass, 13 VP bak Frankrike på toppen, 10 bak Irland på sylvplassen, og med komfortable 31 VP ned til plass nr. 9.
 
Dagens spel inneheld ei flott speleføring frå Espen Lindqvist, men diverre eit endå flottare motspel frå fienden.   
 
Det såkalla krokodillecoupet krev at ein gapar høgt, så høgt at ein sluker makkers honnør – gjerne for å hindre at makker blir innspela, eller det som verre er. Diverre for Noregs lag i open klasse, kan israelaren Assaf Lengy openbert dette trikset, og han visste å bruke det då det trongst som mest.

 
K 10 9 7 4
K 10 8
E D 9 7 4
 
E Kn 6
E Kn 9 5 2
10 8
D 10 6
D 5
D 7 6 4
5 3 2
E 8 7 3
 
8 3 2
3
K Kn 6
K Kn 9 5 4 2
 
 
VestNordØstSyd
LengyBrogelandBareketLindqvist
1 hj2 hj 1)3 hj3 sp
pass4 sppasspass
pass
1) Spar og ein minor


Kontrakten var den same òg på det andre bordet. Då Terje Aa der valde å spela hjarter ess ut, var spelet i praksis over. Alt sør trong å gjera var å stela ein hjartertapar på handa og så gå laus på trumfen, der han no hadde overtaket.
 
Lengy fann derimot kløver ut, som, i lag med spar ess og liten spar, er det einaste som teoretisk sett beitar 4 spar. Men: Med ein så glimrande speleførar som Espen Lindqvist, kunne Lengy slett ikkje lene seg attende og berre vente på beita.
 
Utspelet måtte Lindqvist stela på bordet, for det å gje bort stikk til kløver ess, vil jo medføre at forsvaret har fire sikkerstikk i motspelet. I andre stikk fylgde ruter til kongen, og deretter ein hjarter opp. Lengy stakk, som han måtte, og han måtte òg halde fram i kløver, som han gjorde. Igjen var Lindqvist tvungen til å stela hjå blindemann. Han heldt fram med ruter til knekten og ein spar opp, og stakk med kongen då Lengy sjølvsagt la lågt. Situasjonen er interessant, sjå berre her:

 
10 9
K 10
E D 9
 
E Kn
Kn 9 5 2
D
D
D 7 6
5
E 8
 
8 2
6
K Kn 9 2
 

 
Lindqvist fann no det klårt mest utfordrande trekket, då han drog ruter ess. Ein sløv motspelar ville no ha trumfa med spar knekt. Men då har ein ikkje lenger kontroll på motspelet: Spelar ein hjarter, vil sør kunne stela på handa og spela spar, og spar ess og dame fell oppå kvarandre, medan bordet framleis har tiaren att. Spelar ein kløver, vil sør i staden stela i bordet og spela spar, og like etter kjem vest inn att på spar ess utan å ha kommunikasjon til makkers kløver ess, medan sørs spar åtte snart tek seg av bordets hjarter ti.
 
Men Lengy var vaken, og stal ikkje. Det beste Lindqvist kunne gjera no, var å stela hjarter ti på handa og fri seg med spar, og så var det nok ein gong spotlight på Lengy: Legg han spar knekt, kjem makkeren hans inn på dama, og kan ikkje røre kløveren, då dette tek bort Lengys eigen kløver, medan bordet stel. Nei, Lengy måtte opp på spar ess, og felle makkers dame! Så kunne han ta spar knekt, som felte bordets siste trumf, og endeleg spela kløver dame til makkers ess. Éi beit.
 
Det var synd at spelet vart ein utgangssving ut for Noreg, men det var artig å sjå så glitrande bridge frå både speleførar og motspelar i eitt og same spel.

Av Erlend Skjetne
Skriv en kommentar:
http://  Kode:
Ingen meldinger