AESTON by Osigraf & Gnizt
Bridge i Norge - Hjem
 
Handle hos BIN Abonner på BIN Ukens spill Ekspertklubben Nøtteknask
>>> Forsiden / Ukens spill
 
Eit spel om store pengar
Marit Sveaas internasjonale bridgetevling, som gjekk av stabelen i operaen i Oslo i helga, vart ein skikkeleg thriller. I ein stor del av tevlinga stod det eigentleg berre mellom to par, og innan no veit vel dei fleste at det vart det gamle radarparet Nils Kåre Kvangraven–Terje Lie som trekte det lengste strået, framfor Kvangravens landslagskollegaer Boye Brogeland–Espen Lindqvist.
 

Eitt av fleire interessante spel i den spennande sluttfasen, var det fylgjande. Du kan få det som ei lita speleprøve, som vel ikkje er så vanskeleg for ein partevlingshai som deg?

 
7
E 9 6 4
K D 9 7
kn 10 4 3
 
 
E K D kn 9 2
D 3
kn 10 8 3
2
 
 
VestNordØstSyd
pass1 sp
2 kldbl3 kl3 sp
pass4 sppasspass
pass


Vest byrjar med kløver konge, aust fylgjer med åttaren. I andre stikk skifter vest ein spar, som går til tiaren og esset ditt. Du tek like godt ut trumfen. Det er nok med to rundar, då sorten sat 3–3 hjå motspelarane. Kva tankar gjer du deg no?

Kva er no dette for slags oppgåve, spør du kanskje. Er det ikkje berre å presse ut ruter ess og notere 620 for vunne utgang? Jo, men når eit spel er så enkelt og opplagt i partevling, skal du alltid gå på leiting etter ekstrastikket. Kor i all verda skal så det kunne koma ifrå?

Isolert sett er det knappast moglegheiter i nokre av sidefargane. Då bør tankane dine gå til ein litt sky gamal ven – skvisen. Her er det såleis at vest, etter innmeldinga, er markert med kløver konge. Har han i tillegg hjarter konge, noko han er favoritt til både ut frå innmeldinga og det faktum at han ikkje skifte hjarter i andre stikk, kan du sjå føre deg ein situasjon der han blir skvisa i hjarter og kløver.

Har vest ess, konge, dame i kløver, kjem det heile av seg sjølv, men utspelet tyder på at han byrja med konge, dame, medan aust har esset. Då trengst det litt meir forarbeid: Du må få fjerna aust sitt hald i kløver, om du skal kunne skvise vest. Det inneber høgst sannsynleg at du må stela to kløver på handa.

Du spelar sjølvsagt ruter. La oss seia at vest vinn med esset, berre for å fri seg med ruter, utan at det spelar noka større rolle kva han gjer. Du vinn i bordet, spelar kløver til steling, ny ruter til bordet og ny kløver til steling. Som venta ramlar esset i aust.

Når du no tek den siste ruteren og den siste trumfen din, treng du berre å fylgje med på om vest kastar kløver ess. Gjer han det, står kløver i knekt i bordet, gjer han ikkje det, kastar du kløver knekt i forvissing om at vest må ha blanka hjarter konge. Hjarter ess og hjarter dame tek då dei to siste stikka, då heile spelet såg slik ut:

 
7
E 9 6 4
K D 9 7
kn 10 4 3
 
5 4 3
K kn 2
E 2
K D 7 6 5
10 8 6
10 8 7 5
6 5 4
E 9 8
 
E K D kn 9 2
D 3
kn 10 8 3
2
 


Ein svært habil speleførar bomma på denne oppgåva mot Brogeland–Lindqvist. Han fekk likevel +20 på spelet, fordi det ikkje var heilt opplagt å melde 4 spar. Terje Lie fekk derimot med seg skvisen. 650 gav +61, altså ein forskjell på 41 poeng. Sigersmarginen til Kvangraven–Lie vart til slutt på 39,2 poeng, så det var heilt naudsynt å få fatt i overstikket i 4 spar, for å kunne cashe inn fyrstepremien på 250.000 kroner.

Merk at kontrakten alltid kan haldast på ti stikk om aust får brukt kløver ess til å koma seg inn, for å få spela hjarter igjennom dama. Men det var ikkje så enkelt å finne dette motspelet.

Av Erlend Skjetne

Skriv en kommentar:
http://  Kode:
Ingen meldinger