AESTON by Osigraf & Gnizt
Bridge i Norge - Hjem
 
Handle hos BIN Abonner på BIN Ukens spill Ekspertklubben Nøtteknask
>>> Forsiden / Ukens spill
 
Respekt
Boye Brogeland–Espen Lindqvist har med rette fått mykje skryt i det siste, etter mange sterke prestasjonar. Men i vekas spel, som må seiast å vera av det sjikanøse slaget, synst eg kanskje at motstandaren deira hadde i overkant stor respekt for dei.
 
Dette førekom i Marit Sveaas-tevlinga. Du skal få handa til vest som ei meldeprøve.

E D 10 6 3
kn 5
E 10 9
6 5 3
 
VestNordØstSyd
LindqvistBrogeland
pass1 ru
1 spdbl4 sp4 gr
pass5 grpass6 hj
pass7 rupasspass
?


Du får to alternativ: Doblar du, eller doblar du ikkje?
 
Å vera forsiktig med doblingar av slemmar er ein kjent taktikk, frå den tida då folk gjerne hadde for meldingane sine. Framleis er det ofte slik at ein slem «doblar seg sjølv», om motparten har meldt for hardt. Dobling har stundom òg den risikoen at motparten kan flykte over i ein betre kontrakt, eventuelt ein kontrakt der motsett motspelar får utspelet, og står i fare for å bomme det.
 
La oss sjå på dei alternative utfalla dersom du doblar 7 ruter på handa over.
 
a) Motparten redoblar. Dette får deg nok til å skjelve litt ekstra i buksene, men hugs: Du har trumfesset. Om ikkje det gjev deg stikk, må det vel vera lov å vone at spar ess kan bli beita, eventuelt at makker sit på eit stikk?
b) Motparten flyktar til 7 hjarter. Du har utspelet mot denne kontrakten òg, og at ruter ess ikkje skal stå i utspelet her òg, er vanskeleg å sjå føre seg. Det er endåtil god sjanse for at makker har kortfarge i ruter, så han kan få ei steling i stikk to.
c) Motparten flyktar til 7 spar. Femkortsfargen din i spar er ikkje vasstett, men sidan makkeren din har støtta deg i spar, har du god tru på beit i denne kontrakten òg.
d) Motparten flyktar til 7 grand. Du har utspelet med to ess på handa. Éi beit kan sjølvsagt fort forsvinne på ein revokevariant, men du skal vera veldig uheldig om du ikkje får for eitt av essa dine.
e) Motparten flyktar til 8 kløver. Dette må ha vore det islendingen frykta. Han kan ikkje ha kjent til den moderne regelen i norsk tevlingsbridge, som seier at kontraktar på 8-steget automatisk er beit, sidan det ikkje er mogleg å vinne så mykje som fjorten stikk.
 
Med andre ord talar alt for å doble denne storeslemmen. Det hadde då òg fungert slik spelet aktuelt såg ut: 

 
kn 8
D 10 7
D 7 4
E D 7 4 2
 
E D 10 6 3
kn 5
E 10 9
6 5 3
K 9 7 5 3 2
9 4 3 2
5
K 10
 
-
E K 8 6
K kn 8 6 3 2
kn 9 8
 


Islendingen passa, og for tryggleiks skuld tok han for trumfesset i utspelet. Etterpå måtte aust få for kløver konge, for beit nummer to.
 
Det er naturlegvis litt urettferdig å trekkje fram eit slikt katastrofespel frå Noregs store stjernepar, for det er ikkje ofte dei kjem i ein så dårleg slem som denne. Men nettopp difor toler dei vel òg litt venlegsinna mobbing. Eg synst Lindqvists 5 grand var det klanderverdige bodet her. Han meinte det venteleg som såkalla pick-a-slam, men blir ikkje det å straffe makker for 4 grand-meldinga? Ho syner jo ganske enkelt to stader å spela utgang, ruter og kløver eller ruter og hjarter, og ikkje naudsynlegvis slemambisjonar. 4 grand var faktisk ei svært god melding, for 5 hjarter, som einskilde kanskje ville ha sagt etter makkers negative dobling, går til hundane slik korta sitt. Eg synst Lindqvist skal melde 5 kløver, som Brogeland korrigerer til 5 ruter, toppkontrakten. Motparten må då stampe i 5 spar for å berge sånn høveleg på spelet.  
 
Men, poenget her var altså ikkje Brogeland–Lindqvists hendige uhell, men islendingens veldig forsiktige line imot. Han fekk då òg betale for det: 7 ruter med to udobla beit gav han nemleg fattige +22 på spelet, då mange hadde fått vinne 4 spar aust–vest. Det var òg ein del gonger 590 i same retning, så jamvel 500 ville berre ha gjeve +52 av 88 moglege.
 
Hugs denne lærdommen til du sjølv møter europameistrar ved bordet: Essa gjev stundom stikk, jamvel mot dei!

Av Erlend Skjetne
Skriv en kommentar:
http://  Kode:
Ingen meldinger