AESTON by Osigraf & Gnizt
Bridge i Norge - Hjem
 
Handle hos BIN Abonner på BIN Ukens spill Ekspertklubben Nøtteknask
>>> Forsiden / Ukens spill
 
Den rette vegen til målet
Den siste kampen i lagtevlinga under Steinkjer Open baud på ei interessant prøve i speleføringsteknikk.

 
K 10
K kn 9 7
8 5 3 2
kn 6 2
 
 
E 9 7 3
E 10 3
E 10 9 7 4
E
 
 
VestNordØstSyd
1 ru
pass1 hj2 kldbl1)
pass2 rupass2 sp
pass5 rupasspass
pass
1) Trikorts hjarterstøtte


Sør fekk synt korta sine svært godt; 2 spar må innebera tillegg og sannsynlegvis akkurat denne fordelinga. Nord såg at korta hans var gode og parkerte i heilt riktig sluttkontrakt.
 
Ei norsk kløver tri kjem ut til esset. Toaren ligg i bordet, så vest byrja nok med tri kløver. Sit trumfen 2–2, er alt is og brus i denne kontrakten. Må ein gje bort to trumfstikk, verkar det derimot truleg at ein må lokalisere hjarter dame. I så fall vil det vera ein fordel å få kartlagt fordelinga i spar, for å vita kvar det er mest sannsynleg at hjarterlengda og dama sit.

Spelar ein straks ruter ess og ruter, risikerer ein at ein motspelar straks får plukka bort ein tridje trumf i bordet, noko som hindrar ei andre sparsteling. Det er difor lurt å innleia med ein liten ruter frå handa. At det skal kunne koste noko, er nesten utenkjeleg.
 
Aktuelt kjem aust inn på dama, og spelar kløver. Du stel, og no er det ufarleg å ta ruter ess. Aust kastar ein kløver, så du har to trumftaparar. Då må du vel ut og bruke nasen i hjarter, eller?
 
Vel, fyrst var det denne sparen. Du kan fyrst spela ein spar til kongen, spar til esset og ein spar til steling. I desse stikka skjer det interessante at aust fylgjer med ein liten, dama og så knekten. Altså har spar ni på handa vorte godspela. Du spelar bordets siste kløver til steling, og tek den godspela spar ni, som vest servilt fylgjer med åttaren under. Vest byrja altså med fire spar, tri ruter og tri kløver, og då tri hjarter. Dimed er det vel eit reint val kva veg du skal fiske hjarteren, eller?
 
For så vidt, men har du fylgt godt med, veit du at spelet no eigentleg er over. For vest har jo ikkje andre kort att enn ruter konge og nettopp hjarteren. Du har sjølv éin trumf på kvar hand, så når du no ganske enkelt spelar denne, er vest innspela!

 
K 10
K kn 9 7
8 5 3 2
kn 6 2
 
8 6 5 2
D 8 5
K kn 6
8 7 3
D kn 4
6 4 2
D
K D 10 9 5 4
 
E 9 7 3
E 10 3
E 10 9 7 4
E
 


Slik såg heile spelet ut. Vest kunne kanskje gjort meldingsforlaupet litt vanskelegare for nord–sør ved å støtte til 3 kløver over sørs støttedobling, men idet nord melder 3 ruter, bør sør absolutt vurdere ruterkontrakt i staden for grand. Dei som prøvde seg i 3 grand, var sjanselause på å vinne den kontrakten, og ein del speleførarar gjekk òg beit i 5 ruter.

Av Erlend Skjetne 
Skriv en kommentar:
http://  Kode:
Ingen meldinger