AESTON by Osigraf & Gnizt
Bridge i Norge - Hjem
 
Handle hos BIN Abonner på BIN Ukens spill Ekspertklubben Nøtteknask
>>> Forsiden / Ukens spill
 
Det som må gjerast
Denne vekas spel skriv seg frå ein krinskamp i Trondheim nyleg. Greier du å finne det beitande motspelet?
 
Fyrst må du ta stilling til utspelet i vest, etter fylgjande stutte meldingsforlaup:

E K
10 9
E K 5 2
D 8 7 4 2
 
VestNordØstSyd
1 hj
2 kl4 hjpasspass
pass


Innmeldinga di kan diskuterast: Fargen er eigentleg altfor dårleg, men du har bra med honnørpoeng, og inga anna melding som freistar. Aktuelt ville det ikkje gjort store skilnaden om du hadde valt å passe på 1 hjarter.
 
Det verkar nærliggjande å lyfte på ein av dei spisse honnørane dine, men blir det ruteren eller sparen? Sit du med to ess mot ein slem, er det eit gamalt tips å byrja med esset i den stuttaste fargen. Tilsvarande bør du her byrja med sparen, då det er mindre sjanse for å finne ein motspelar med kortfarge i den sorten. Står alle essa og kongane dine, er kontrakten beit uansett, men kanskje er du avhengig av ei steling for å beite. Det normale utspelet frå ess og konge er esset, men ein signaliserer dobbelton ved å ta for kongen før esset. Du byrjar altså med spar konge, og bordet kjem ned: 

 
9 5 3
kn 4 3 2
8
E K 10 6 5
 
E K
10 9
E K 5 2
D 8 7 4 2


Personleg liker eg å bruke fordelingskast under kongeutspel på 4-steget og oppover, men i dette tilfellet var avtala styrke/svakheit. Idet makker fylgjer med firaren og speleførar med seksaren, er du ikkje eigentleg så mykje klokare på korleis sparen sit. Kor skal vi finne beita i denne kontrakten?

Det er alltid lurt å rekne litt på honnørpoenga kring bordet. Sjølve har vi 16, og blindemann har 8. Viss vi i snitt forventar at speleførar har 12 poeng for opninga si, blir det att 4 honnørpoeng hjå makker. Dette kan i teorien vera hjarter ess. Meir sannsynleg er det at makker har høgst kongen i hjarter, og når speleførar har synt femkorts, sit vi neppe på eit reint trumfstikk imot. Noko kløverstikk har vi heller ikkje, tvert imot er det ein fare for at speleførar kan få eit avkast eller to på kløveren. Så kor skal beita koma ifrå?

Det er liten grunn til ikkje å ta for spar ess òg. Makker fylgjer no med åttaren, og sør med sjuaren. Då spar ess fortel makker at vi byrja med dobbel spar, er det standard at det andre påspelet hans ikkje er styrke/svakheit, men Lavinthal. Men her har makker neppe noko særleg å lavinthalere til – han kan jo ikkje vita at den eventuelle ruterdama hans er eit potensielt inntak.
 
Så vi veit framleis lite om sparsitsen, og ikkje stort om sitsen elles heller. Men veit vi ikkje likevel kva vi må gjera? Om speleførar har spar dame, er kontrakten sannsynlegvis heime uansett. Har makker dama, kan det sjølvsagt vera at speleførar har ein tridje spartapar, om han ikkje kan kaste nok spar frå handa på kløveren, eller ein spar i bordet ved å presse ut ess og konge i ruter mot trumf. Men dette er avhengig av plasseringa til fleire kort. For at vi skal finne beita i kontrakten, er det eigentleg nok at eitt kort sit rett, altså hjå makker: ruter dame. Vi bør knipe att augo og spela ruter, og vone at makker kan koma inn og gje oss ei sparsteling. 

 
9 5 3
kn 4 3 2
8
E K 10 6 5
 
E K
10 9
E K 5 2
D 8 7 4 2
kn 8 4 2
8 6
D 10 6 4 3
9 3
 
D 10 7 6
E K D 7 5
kn 9 7
kn
 


Bingo! Slik sat korta. Ikkje mange i krinsserien i Trondheim våga dette motspelet, og då vart det heller inga beit i 4 hjarter. Nokre spolerte endåtil alt svært raskt, ved å sørve ruter ess. Hadde du sjølv fått med deg beita? 

Av Erlend Skjetne
 
Skriv en kommentar:
http://  Kode:
Ingen meldinger