AESTON by Osigraf & Gnizt
Bridge i Norge - Hjem
 
Handle hos BIN Abonner på BIN Ukens spill Ekspertklubben Nøtteknask
>>> Forsiden / Ukens spill
 
Ta eit hint
Det er lite som er meir irriterande enn å velja feil i situasjonar der du kanskje burde ha vald rett, og der dette til overmål kostar deg ein formue. Kva tankar gjer du deg om fylgjande speleføringsprøve, som førekom i krinsserien i Trondheim sist veke?

 
E K 3
E K 10 9 8 5
9 6
E kn
 
 
D 9 8 7 4 2
4
K 5
D 6 4 3
 
 
VestNordØstSyd
LunnaHornslienE. FlåttSkjetne
pass2 sp1)
pass4 kl2)pass4 ru2)
pass6 sppasspass
pass
1) Veike to
2) Kontrollmelding


Vest byrjar med ruter dame, som går til esset i aust. Derifrå kjem, relativt kjapt, hjarter sju attende til dama og esset. Kva no?
 
Med ruter dame ut verka kontrakten komfortabel For å unngå kløverfinessen er du berre avhengig av å etablere tri avkast på hjarteren. Du toler altså hjarteren 4–2, det er berre å stela to hjarter på handa, og då kan trumfen godt sitja 3–1. 4–0 i vest kan du i praksis aldri takle, 4–0 i aust kan du heller ikkje i teorien takle.
 
Ei naturleg speleføring er altså fylgjande: I andre stikk spar til dama, deretter spar til esset. Fylgjer båe no, er det berre hjarteren 5–1 med lengda i vest, pluss at kløverkappen ikkje går, som kan leie til beit. Aktuelt er aust renons i andre sparrunde, men det er ikkje veldig trugande: Ein liten hjarter går til steling – la oss no seia at båe fylgjer – og spar til kongen tek ut den siste trumfen i vest. Så ein ny hjarter til steling, og med dette er hjarteren i bordet god. Kløver går til esset, og hjarteren gjev dei naudsynte avkasta for kløveren.
 
Men så var det motspelet då … Hadde aust halde fram med ruter i andre stikk, trur eg ikkje nokon kunne klandra deg for å spela som skissert over. Men kvifor skifte aust til hjarter opp i dette bordet? Er det ikkje noko som luktar her?
 
Eg tykte det, men samstundes tenkte eg at aust kanskje kunne ha spela hjarter frå litt av kvart, berre for å skape litt forvirring, om det no såg ut for han til at kontrakten måtte vera tett. Etter litt om og men gjekk eg for varianten over, spar til dama, spar til esset og hjarter til steling. Men då vart det beit. 

 
E K 3
E K 10 9 8 5
9 6
E kn
 
kn 6 5
D
D kn 10 4 3
10 9 8 2
10
kn 7 6 3 2
E 8 7 2
K 7 5
 
D 9 8 7 4 2
4
K 5
D 6 4 3
 


Karl Morten Lunna i vest kunne stele over i andre hjarterrunde. Då Lunnas lagkameratar Glenn Grøtheim–Petter Tøndel ikkje melde soneslemmen, kosta spelet mildt sagt ein del. Som vi ser er den vinnande speleføringa slik det sit, ganske enkelt å ta ut trumfen, avslutte inne i bordet, og spela hjarteren frå topp. Idet vest er renons under kongen, er det enkelt å «kappe opp» knekten i aust mot trumf på handa.
 
Om vest, i denne alternative speleføringa, fylgjer hjarter andre gong, blir det sjølvsagt ekkelt om aust fylgjer lågt på hjarter ti: Med berre eitt inntak att i bordet, veit du ikkje om du skal stela eller segle tiaren. Det siste ser dumt ut om vest byrja med dame, knekt tridje, men kan verkeleg aust vera så slu at han skifter hjarter frå tri småe i andre stikk?
 
I så fall får vi berre gratulere han. Det er nok mykje meir sannsynleg at han byrja med knekten fjerde eller femte, for då har han ei legitim von om å finne makkeren sin med renons i hjarter, og det å skifte hjarter vil slett ikkje vera eit uvanleg motspel frå ein slik sort.
 
Det var berre fire par i krinsserien i Trondheim som melde 6 spar, og tri av dei gjekk beit. Éin av desse fekk vel å merkje den single hjarter dame ut, og då skal jo kontrakten vinnast på ein augneblink: Opp med esset, spar til dama, spar til esset, spar konge, hjarter konge, ruteravkast. Sei at alle fylgjer, då er det berre å spela hjarter ti og kaste ruter konge, og om vest får på knekten er det null stress, resten står. Berre John Kristen Våge–Kjetil Krogh vann 6 spar, og det var etter hjarter dame ut.

Av Erlend Skjetne 
Skriv en kommentar:
http://  Kode:
Ingen meldinger