AESTON by Osigraf & Gnizt
Bridge i Norge - Hjem
 
Handle hos BIN Abonner på BIN Ukens spill Ekspertklubben Nøtteknask
>>> Forsiden / Ukens spill
 
Verd eit forsøk
Forrige helg gjekk den årlege Proffen-cupen av stabelen i Frimurerlogen i Trondheim, til minne om den altfor tidleg avlidne Rune «Proffen» Brattgjerd. Vinnaren i den 58 spelarar store singeltevlinga vart i år Villiam Ovesen, opprinneleg frå Vardø, busett i Trondheim. På andreplass kom Bård Kåre Græsli frå Singsås, attom han Stein Bjerkset frå Berkåk.
 
Tevlinga har ein svært sosial profil, og det kan bli nokre sløve variantar mot slutten. Men på fylgjande spel var sør litt vaken, og utnytta pent eit uheldig motspel frå forsvaret: 

 
kn 10 6 4
K 7 4 2
K kn 7 4
3
 
 
D
E D kn 9 6 5
10 9
E 10 4 2
 
 
VestNordØstSyd
1 hj
pass3 kl1)pass3 sp
pass4 hjpasspass
pass
1) Mini-Splinter


Nord–sør hadde båe ei forståing av at 3 kløver måtte syne kortfarge, men det var litt uklårt for alle kor sterk denne meldinga kunne vera. Sør tok med seg ei kontrollmelding, men nord følte ikkje han kunne strekkje korta sine lengre, og la av i utgang.
 
Vest byrjar med ruter ess, får triaren frå aust, og held fram med ruter to. Triaren er nok styrke, så å leggje lågt i bordet no, vil vera galskap. Idet du stikk med kongen, fylgjer aust med åttaren. Kva er planen din for spelet vidare?
 
Du er heldig som har unngått å måtte velja ruteren, og elleve stikk gjev fort ein grei score. Men motspelet så langt kan ha gjeve deg sjansen på eit tolvte. Det fordrar at ruteren – der motparten berre har dama og to småe att no – kan gje deg eit avkast for spar dame. Men du er i så fall òg nøydd til å stela heile tri kløver i bordet. Det inneber at du ikkje kan ta ut trumfen før du cashar ein eventuell godspela ruter. Med andre ord er du avhengig av at same spelar har fire ruter og minst to hjarter. Men slik kan det jo utmerkt godt sitja.
 
Du spelar kløver til esset og kløver til steling. Så dreg du ruter sju frå bordet. Som venta, nesten, sidan han la åttaren under ruter konge, legg aust i dama. At han hadde henne tridje, er eigentleg opplagt, men du har råd til å stela høgt. No tek du hjarter ess – båe motstandarar fylgjer – og spelar ein ny kløver til steling. Så er det berre å prøve ruter knekt. Kan aust stela, har du ikkje tapt noko i høve til utgangspunktet ditt. Men idet han kastar ein kløver, og spar dame forsvinn medan vest servilt må fylgje farge, veit du at du har gjort det godt.
 
Avslutninga er spar til steling, den siste kløveren til steling med hjarter konge, ein spar til steling og ut med vest sin siste trumf. Tolv stikk. 

 
kn 10 6 4
K 7 4 2
K kn 7 4
3
 
E 8 5 3
10 8
E 6 5 2
8 4 2
K 9 7 2
3
D 8 3
K D kn 9 7
 
D
E D kn 9 6 5
10 9
E 10 4 2
 


Eit par småting til kan nemnast om speleføringa: Du kan ikkje bruke hjarter konge tidleg, for då har vest større trumf enn bordet idet du spelar den siste kløveren din til steling. Du kan heller ikkje stela den siste kløveren din før du har henta det ekstra ruterstikket i bordet, for då får vest kvitta seg med sin siste ruter medan han jo enno har trumf att. 
 
Men fører du korta som vi skisserte, er du temmeleg trygg på at det ikkje blir nokre skumle overraskingar. 480 gav naturleg nok ein score oppunder mønet, berre slått av ein vanvitig 790 for 4 hjarter dobla med tolv stikk, visstnok etter spar ess ut, og ein meir tilforlateleg 590 for 4 hjarter dobla med ti stikk.

Av Erlend Skjetne
Skriv en kommentar:
http://  Kode:
Ingen meldinger