AESTON by Osigraf & Gnizt
Bridge i Norge - Hjem
 
Handle hos BIN Abonner på BIN Ukens spill Ekspertklubben Nøtteknask
>>> Forsiden / Ukens spill
 
Kongemotspel
Om ein slit med manglande konsentrasjonsevne, kan det vera ein god idé å spara litt på kreftene i dei minst viktige spela i lagkamp, der det til dømes berre dreier seg om overstikk. Det er når dei store spelar dukkar opp, at det er aller viktigast å tenkje seg om.

 
-
kn 10 4
E K D kn 5
K kn 9 8 6
 
D 10 9 7 5 4
K 6
9 7
D 7 5
 
VestNordØstSyd
SkjetneGrøtheimForfotTøndel
2 sp3 hj
pass3 sppass3 gr
pass4 klpass4 sp
pass6 hjpasspass
pass


Du sit i aust, og ser makkeren din spela ut ei norsk spar to mot 6 hjarter. Altså byrja han nok med trikorts spar. Etter ein liten tenkjepause vel speleførar å stela i bordet, og dreg deretter tri høge ruter. På dei to fyrste fylgjer sør med toaren og firaren, makker med seksaren og triaren, norsk fordeling. Vest byrja nok med fire ruter, sør med to. Kva gjer du med den tridje ruterhonnøren?
 
Det du må tenkje igjennom, er kvifor i all verda sør innleier speleføringa på denne måten. Med ein så feit ruter som vil kunne gje han alskens avkast seinare, kvifor går han ikkje laus på trumfen i staden? Det tyder på at han har eit problem han må få løyst litt brennkvikt. Det kan vera i trumf, og det kan vera i kløver.
 
Byrja sør med esset eller dama sjuande i hjarter, ser vi mildt sagt dumme ut om vi stel lågt, og hjarterhonnørane deretter fell oppå kvarandre. Men mest sannsynleg er det nok at sør byrja med liten singel kløver: Vi veit jo at han har fire spar, to ruter og minst fem hjarter, og dobbel kløver har han neppe, for kva skulle han då kunne tene på å spela all denne ruteren?
 
Truleg har sør ein sjette hjarter, slik at fordelinga hans frå start var 4–6–2–1. Det kan vera slik at han har ess, dame i hjarter, men ikkje vil ta finessen der med ein gong, av di kongen jo fort kan sitja bak. Men i så fall er det neppe mogleg å rokke ved kontrakten, når vi no ser at på hjarter konge sjølve. Men kva om sør byrja med esset tynt sjette i hjarter?
 
Sjå kva som skjer om du stel med hjarter seks, når heile spelet aktuelt såg slik ut:

 
-
kn 10 4
E K D kn 5
K kn 9 8 6
 
kn 6 2
D 2
10 8 6 3
E 10 3 2
D 10 9 7 5 4
K 6
9 7
D 7 5
 
E K 8 3
E 9 8 7 5 3
4 2
5
 


Sør stel over med hjarter sju, og legg deretter ned hjarter ess, som feller kongen. Han kan så spela ein ny spar til steling, og ta ein tridje ruterhonnør med avkast av kløver fem. Alt forsvaret får for er hjarter dame; 1430.
 
Innan no har du vel forstått at det er all grunn til å stela med hjarter konge. Sør stel over med esset, og gjer sitt beste ved å spela spar til steling og dra ein ny høg ruter, i von om at hjarter konge var frå kongen singel eller konge, dame blokk. Men idet aust har hjarter seks å leggje i, blir det beit. Sør kan stela over og spela spar til steling, og prøve å ta for ruterkvisten for å kaste kløveren. Men no er vest òg fri for ruter, og dei to stikka til forsvaret blir hjarter to og hjarter dame!
 
I NM-kampen mellom Heimdal BK 1 og Studentenes BK 2, som vi òg omtala før jul, skjedde akkurat dette på båe bord! Både Petter Tøndel og Anders Holmen Gundersen kom i den for harde hjarterslemmen, båe slapp å få kløver ess ut, og båe spela då på den beste sjansen for å vinne slemmen – legg ein i staden ned hjarter ess før ein spelar ruter, er jo prosjektet sjanselaust slik det sit. Men både Per Erik Austberg og Åsmund Forfot greidde å leggje i hjarter konge i den skisserte situasjonen, og dimed gav éi beit buttspel.

Av Erlend Skjetne 
Skriv en kommentar:
http://  Kode:
Ingen meldinger