AESTON by Osigraf & Gnizt
Bridge i Norge - Hjem
 
Handle hos BIN Abonner på BIN Ukens spill Ekspertklubben Nøtteknask
>>> Forsiden / Ukens spill
 
Påskekrim
Det er vanleg å bryne seg på litt krim i påskehøgtida. Vil du ha bridge blanda inn i krimmen din, kan du lesa Avon Wilsmores nyleg utgjevne bok om The Blue Team.
 
Det er ikkje meir enn eit års tid sidan underteikna brukte eit fantastisk spel signert The Blue Team som eit «vekas spel» her på bin.no. Det italienske laget, med visse variasjonar i mannskap, var som kjent ekstremt suksessrike frå slutten av 50-talet og nokre tiår framover. Diverre spørst det om desse karane – med namn som Belladonna, Forquet og Garozzo i spissen – fortener eitt einaste ord av all den panegyriske omtala som har vorte dei til del.
 
Wilsmores bok, som har tittelen Under The Table – The Case Against the Blue Team, er resultatet av eit formidabelt gravearbeid i alskens gamle skrifter, spesielt meisterskapsannalane frå ei rekkje VM. Han provar korleis rykta som alltid svirra om The Blue Team, vart feia under teppet i skandaløst lang tid. Men endå meir interessante er sjølvsagt alle spela, dei mange, mange spela, som ofte er så underlege at det verkar uforståeleg korleis italienarane kunne sleppe unna med dei.
 
Det er mange døme vi kunne ha trekt fram, men folk kan jo heller tinge boka og lesa sjølve. Eit par høgdepunkt kan vi likevel presentere, frå det fascinerande kapittelet om opplysande doblingar. Wilsmore syner gjennom eit utal av spel korleis The Blue Team kunne doble opplysande på nær sagt kva som helst, og merkeleg nok greidde makker nesten alltid å ta den riktige avgjerda.
 
I eitt spel kan alt verke normalt: Walter Avarelli doblar 1 hjarter, nestemann sperrar med 3 hjarter, og Belladonna, med 8 honnørpoeng, introduserer firekortsfargen sin i spar med 3 spar. Avarelli har fire der og lettar til utgang, kontrakten står som eit spett. Men korleis heng dette saman med fylgjande kasus:

D 10 6
10
E K 10 5 4
D kn 9 5
9
E kn 7 4 3 2
8 7 6
K 8 3
 
VestNordØstSyd
BelladonnaMurrayAvarelliCoon
passpass1 sp
dbl3 sppass4 sp
passpasspass


Her giddar Avarelli altså ikkje å melde av sekskortsfargen sin i hjarter mot ein makker som dobla 1 spar. Som Wilsmore kommenterer: Mot xx, KDx, Exx, EDxxx er 6 hjarter ein kanonkontrakt. Men denne gongen hadde Belladonna sjølvsagt singel hjarter.
 
Dette spelet tek likevel den store sjokoladekaka:

K 8
9
D kn 9 8 7 2
K D kn 3
E 4
E D 7 6 4 2
10 4
9 5 2
 
VestNordØstSyd
BelladonnaStaymanAvarelliMitchell
passpass1 sp
dbl2 sp3 hjpass
4 rupasspasspass


130 på bok! For ein presisjon! Forklåringa i ettertid, på dette spelet som saktens avfødde ein del mumling hjå publikum, var at Avarelli ikkje kunne ha dårlegare kort for å melde 3 hjarter. Med eit par småe hjarter i stønad, ville Belladonna anten ha passa eller letta, heitte det, medan 4 ruter sjølvsagt måtte syne tydeleg at doblinga var tufta på ei moderat hand med lang ruter. Men korleis kunne Belladonna, i spelet eg nemnde fyrst, då melde 3 spar på firekorts og 8 honnørpoeng etter 1 hjarter, doblar, 3 hjarter?
 

I sanning påskekrim på sitt beste; det er berre å byrja gruble over moglege løysingar på mysteriet. Vi ynskjer alle ærlege bridgespelarar ei riktig fin høgtid.

Av Erlend Skjetne

Skriv en kommentar:
http://  Kode:
Ingen meldinger