AESTON by Osigraf & Gnizt
Bridge i Norge - Hjem
 
Handle hos BIN Abonner på BIN Ukens spill Ekspertklubben Nøtteknask
>>> Forsiden / Ukens spill
 
Nede for teljing
Berkåk bridgeklubbs påskecup er ei årviss og svært hyggeleg tevling i Sør-Trøndelag krins, onsdag før skjærtorsdag. Vinnarar i år vart Erlend Skjetne–Arnt Ola Løhre, tett fylgde av Stein Bjerkset–Olav Arve Høyem, med Per Haltbrekken–Jøran Aunan på tridjeplass.

Tidleg i tevlinga kom ei lærebokaktig oppgåve i teljing, ein veldig viktig del av bridgen. Underteikna har ikkje sove ein sekund i ettertid, nettopp fordi eg sov så djupt på dette spelet. Men når du no har fått vita tema for oppgåva, greier du vel neppe å kopiere min idioti?

 
E K 3
9 7 4 2
10 4
E K 9 3
 
 
6
E kn 10 5 3
E 6 2
10 7 4 2
 
 
VestNordØstSyd
BogøLøhreUranSkjetne
1 rudbl1 sp4 hj
passpasspass


Friskt meldt, men sørhanda verka svært spennande, og kontrakten ville vore god sjølv mot ein sparkonge mindre i nord. Med ruter konge ut frå vest, korleis planlegg du spelet? Motparten bruker heilt standard norske metodar, inkje fiksfakseri der i garden.

Det er eigentleg ikkje eit vanskeleg spel. Bergar du med éin trumftapar, er du i praksis heime. Får du to, må du løyse kløveren utan tapar. Ein tanke som streifa meg om eit innspel, der ein cashar dei høge kløverane, cashar dei høge sparane med ruteravkast og stel ein spar før ein spelar hjarter, er det berre å gløyme: Om ein motspelar med dobbel kløver er inne etter at forsvaret har teke eit ruterstikk, har ein inga nytte av det om ein får eit oppspel til dobbeltrenons, då kløvertaparen ikkje forsvinn uansett.

Altså er det eigentleg berre å gå laus på trumfen straks. Konge, dame tridje i aust er nok svært usannsynleg, så det er like greitt å delje ned hjarter ess og hjarter. Diverre har vest utstyrt seg med konge, dame tridje, og tek båe hjarterhonnørane og ruter dame, før han frir seg med spar. På hjarterane kastar aust to spar, på ruteren har han fylgt med sjuaren og femmaren.

Ja vel, då er det kløveren som må ordne seg for fire stikk. Moglegheitene for dette er ikkje så mange. At aust byrja med singel kløverhonnør, er umogleg då han òg var kort i hjarter. Han kan ha byrja med dame, knekt dobbel i kløver, men dette er vel òg ein veldig smal blink? Den beste fargehandsaminga, isolert sett, er klokkeklår: Liten til niaren, i von om at vest har båe honnørane.

Såleis tenkte eg, og spela kjapt spar konge og spar til steling. At vest fylgde med spar dame på den tridje sparrunden, hadde eg knapt vigd ein tanke då eg spela kløver til niaren. Éi beit, då heile spelet såg slik ut:

 
E K 3
9 7 4 2
10 4
E K 9 3
 
D 9 2
K D 8
K D kn 8
8 5 3
kn 10 8 7 6 4
6
9 7 5 3
D kn
 
6
E kn 10 5 3
E 6 2
10 7 4 2
 


Uflaks, eller kva? Nei, overhovudet ikkje. Ved bruk av enkel matematikk, kunne eg visst med tryggleik at det var vonlaust å spela kløver til niaren. Vest har synt fram spar dame, konge, dame i hjarter og minst konge, dame i ruter – sannsynlegvis konge, dame, knekt etter svakheitskastet i aust. Summen av dette enkle addisjonsstykket er 12 eller 13. Altså kan ikkje vest ha dame, knekt i kløver, for då ville han ha opna 1 grand!

Det er berre å dunke ned ess og konge i kløver og vone det beste. Aktuelt skjer mirakelet, og ein deilig 420 kan noterast. I heile salen var det berre Annika Haugen–Terje Albertsen frå arrangørklubben som kunne bokføre dét resultatet.
 
Merk at eit noko kvassare motspel frå vest, kunne vore å skifte liten kløver etter dei raude stikka. Dette gjorde Ivar Berg på eit anna bord, og speleførar måtte no ta stilling til kløvervalet før han hadde oppdaga vest si spardame. Han la lågt i bordet, og gjekk beit. For å unngå dette for tidlege, ukvalifiserte valet, bør speleførar kanskje dra tri rundar spar til steling før han legg ned hjarter ess og hjarter? Men no er vi over i hårkløyveriet. 

Av Erlend Skjetne
Skriv en kommentar:
http://  Kode:
Ingen meldinger