AESTON by Osigraf & Gnizt
Bridge i Norge - Hjem
 
Handle hos BIN Abonner på BIN Ukens spill Ekspertklubben Nøtteknask
>>> Forsiden / Ukens spill
 
Vekta av ein ess
Olav Arve Høyem–Aksel Hornslien er eit svært solid makkerpar frå Trøndelag, som heilt til det siste kjempa om medalje i lagfinalen – diverre utan å lykkast denne gongen.  
 
Helga før var dei ved vakre Femunden for å øve seg i hyggelege Femund bridgefestival, og der vart det til vederlag suksess: Høyem–Hornslien gjekk til topps i lagtevlinga, godt hjelpte av Kjell Gaute Fyrun–Ove Arvid Andersbakken.
 
Vekas spel, som skriv seg frå nettopp den tevlinga, er derimot av det tragikomiske slaget. Du kan få det som ei utspelsprøve. Du sit i vest, og tek del i fylgjande nokså spesielle meldingsforlaup: 

E K 10 5
K D kn 9 7 6
5
K 4
 
VestNordØstSyd
pass
1 hjpass4 kl1)5 kl
pass2)pass5 hjpass
6 hj7 kldblpass
passpass
1) Renons og hjarterstøtte
2) Krav; dobling ville vore ei åtvaring til makker mot å melde vidare


Korkje nord eller sør hadde altså til å blande seg inn i fyrste melderunde, men plutseleg var dei i storeslem. Så er berre spørsmålet: Kva utspel vel du?
 
Trumf er ikkje spesielt forlokkande, så det står vel mellom éin av dei andre fargane. I hjarter kan du og makker umogleg ha meir enn eitt stikk å hente, ofte har de ikkje dét ein gong, så det er kanskje ikkje det store poenget å spela hjarter ut heller.
 
Då står vi att med to alternativ. Dei fleste ville nok ha letta på spar ess, men samstundes er den gamle regelen klår og tydeleg: «Always lead your singleton.» Kan det til dømes vera at makker kan få gjeve deg to ruterstelingar, om du sørvar ein ruter til esset, får ei steling, og deretter kan underspela ess, konge i spar for å få han inn ein andre gong?
 
Vel, det høyrest kanskje litt feberfantastisk ut, og eg trur ikkje vi treng å forsvara Hornslien så altfor iherdig, jamvel om sjølvaste Geir Helgemo visstnok skal ha sagt at han «kunne ha funne på å spela ruter ut».
 
Vi kan sjå korleis Hornsliens aggressive singletonutspel fungerte denne gongen: 

 
kn 2
8
K 9 8 6 4 3
E 10 8 6
 
E K 10 5
K D kn 9 7 6
5
K 4
9 7 6 4
E 10 5 4 3 2
D 7 2
-
 
D 8 3
-
E kn 10
D kn 9 7 5 3 2
 


Det var svært forståeleg at Hornslien lyfte til 6 hjarter, men kontrakten var aktuelt steindaud. Å hente 300 eller 500 mot fantomstampen 7 kløver, ser dimed ikkje så ille ut. Men med ruter ut brukte speleførar kort tid på å krevja tretten stikk! Ruteren ordna seg av seg sjølv, og kløverkappen var markert etter meldingsforlaupet.
 
Kjenner du scoren for 7 kløver dobla heim utom sona? Han vil for alltid hefte seg ved Aksel «1630» Hornslien. Høyem skal ha klaga til tevlingsleiar og forlanga splitta butler på spelet, og var visst svært nær å få det innvilga.
 
«Ville du ha med deg sparessen heim?» er den klassiske sjikanen i eit scenario som dette. Hornslien ville det neppe, men like fullt fekk han ein blytung sparess med seg attende til Trondheim, heilt frå Femundens vakre breidder. Men kven veit, kanskje sparessen heller kan brukast under neste års utgåve av Femund bridgefestival.

Av Erlend Skjetne
Skriv en kommentar:
http://  Kode:
Ingen meldinger