AESTON by Osigraf & Gnizt
Bridge i Norge - Hjem
 
Handle hos BIN Abonner på BIN Ukens spill Ekspertklubben Nøtteknask
>>> Forsiden / Ukens spill
 
Ein enkel skvis?
Ein skvis kan koma i så mange slags former. I vekas spel skal vi sjå på ein fiffig liten variant som dukka opp på ein sumarbridge nyleg. 

 
kn 6 3
E K 7 6 4
10 7 5 2
9
 
9 5
D 10 3 2
6
E D 7 5 4 3
E 10 7 4 2
kn 9
D 9 8
10 6 2
 
K D 8
8 3
E K kn 4 3
K kn 8
 
 
VestNordØstSyd
1 ru
3 kldblpass3 gr
passpasspass


Vest byrja med kløver fem, som gjekk til niaren, tiaren og knekten. Speleførar har ei viss andenaud: Sjølv om ruteren rullar, er det tilsynelatande berre åtte stikk. Aust er storfavoritt til å ha spar ess, og eit tidleg kløvergjennomspel vil nok gje rask beit.
 
Men det er utruleg kva som kan skje når ein berre får teke nokre stikk. Sør tok for ruter ess, og var nøye med å byrja ei avblokkering i sorten, for å kunne få fatt i fem ruterstikk relativt greitt. I fyrste omgang la han ruter fem under esset, så heldt han fram med hjarter til esset og ruter ti til finesse, som er med oddsen etter innmeldinga i vest. Deretter ruter sju til dama og kongen, og ruter tri og fire kunne òg nytast.
 
Idet sør skal ta den siste ruteren, er situasjonen fylgjande: 

 
kn 6 3
K 7 6 4
-
-
 
5
D 10
-
E D 7 5
E 10 7 4
kn
-
6 2
 
K D 8
8
3
K 8
 


Så langt har det vore greitt for vest å kaste, men kva skal han gjera no?
 
Han kan ikkje kaste ein hjarter til, for då rullar den fargen.
 
Kastar han ein spar til, kan speleførar dra hjarter til kongen og hjarter; vest kjem inn og må gje sør eit andre kløverstikk.
 
I praksis kasta vest endå ein kløver, i von om at aust hadde ess, konge eller ess, dame i spar. Men no kunne sør ganske enkelt spela spar, og forsvaret hadde berre spar ess og tri kløverstikk å ta.
 
Så lenge sør stoler på vest sitt norske utspel, som tilseier seks og ikkje sju kløver, og på at aust har spar ess, er det ikkje særleg vanskeleg å finne rett variant her. Ein må eigentleg berre fylgje med på kor mange kløver vest kastar: Har han igjen fire kløver, kan det ikkje vera rett å spela spar. Ein vil då måtte prøve seg på innspelet i hjarter, og skulle hjarteren mot formoding syne seg å ha vorte god, vil jo dette ganske snart bli openbert.

Av Erlend Skjetne
 
Skriv en kommentar:
http://  Kode:
Ingen meldinger