AESTON by Osigraf & Gnizt
Bridge i Norge - Hjem
 
Handle hos BIN Abonner på BIN Ukens spill Ekspertklubben Nøtteknask
>>> Forsiden / Ukens spill
 
Den aparte grandopninga
Eit av Siv Thoresens særtrekk som bridgespelar er ifylgje makker Aksel Hornslien at ho opnar 1 grand på «alt». Det er utvilsamt ein interessant strategi å prøve ein del grandopningar på fordelingar som ikkje er heilt standard, både fordi 1 grand sperrar godt og set formidabelt press på motparten, og fordi motspelet kan bli vanskeleg etterpå.

Men i vekas spel, som skriv seg frå partevlinga i Rondane-cupen på Otta, vart Thoresens våpen brukt imot ho sjølv. Ville du ha vurdert å opna 1 grand på dette, i andre hand gunstig sone?

 
D 9 2
K 10 9
E K D 8 5 3
3
 


Det gjorde Villiam Ovesen frå Vardø, busett i Trondheim. Handa er naturlegvis svært spennande, og det same kan seiast om valet av opning! Aktuelt vart det gull.   

 
E 10 7 6 5 4
kn 8 7
6
K 8 5
 
K 8 3
E D 6 3 2
9 7 2
E kn
kn
5 4
kn 10 4
D 10 9 7 6 4 2
 
D 9 2
K 10 9
E K D 8 5 3
3
 
 
VestNordØstSyd
ThoresenO. A. HattenHornslienOvesen
pass1 gr
2 hj4 ru1)pass4 sp
passpasspass
1) Overføring til spar


Thoresen fann ikkje på noko betre utspel enn ruter ni, som Hornslien fylgde med firaren på – kva no det skal tyde; kanskje bør det vera ein slags Lavinthal.
 
Sparen kan i teorien løysast utan tapar, men det er viktig å ikkje sleppe inn aust, så Ovesen spela spar til esset og spar til dama og kongen.
 
No må Thoresen greie å ta for båe essa sine, skal ho halde kontrakten på ti stikk. Då ho inkjeanande fridde seg i ruter, vart det heile 450 til bokføring – ein delt topp i det 48 par store feltet.

Spelet var sjølvsagt allereie vunne idet Ovesen opna 1 grand. Opnar han 1 ruter, er det fare for at sparkontrakten hamnar i nord (å bruke dobling som minst fire spar etter vests hjarterinnmelding, kan riktig nok redde dagen). Med hjarter ut frå aust er ni stikk grensa. 

Av Erlend Skjetne
 
Skriv en kommentar:
http://  Kode:
Ingen meldinger