AESTON by Osigraf & Gnizt
Bridge i Norge - Hjem
 
Handle hos BIN Abonner på BIN Ukens spill Ekspertklubben Nøtteknask
>>> Forsiden / Ukens spill
 
Singel svinepels
Finalistane i Champion’s cup, som nyleg gjekk av stabelen i Romania, var Nederland og England. England hadde ein carry-over og var i føringa då det stod att fire spel, men så rasa korthuset: Nederland henta plutseleg 42 IMP! Den største svingen kom i ein spennande slem:

 
kn 8 7
-
E D 8 4
E kn 9 7 6 3
 
 
E K 9 4
E K kn 5
K kn 5
D 8
 
 
VestNordØstSyd
de WijsOsborneMullerForrester
2 gr
pass3 sp1)pass3 gr
pass4 klpass4 ru2)
pass5 hj3)pass6 gr
passpasspass
1) Minor-Stayman
2) Kontrollmelding
3) Exclusion Blackwood, spørsmål etter ess utanom hjarteren


Eg veit ikkje om 6 grand frå Forrester hadde noka spesiell tyding, eller om han berre bestemte seg for at ein eventuell storeslem ville bli for vanskeleg å melde uansett. Ruter seks kom ut. Kontrakten er sunn nok; alt er grønt om kløveren sit 3–2 . Men kva 4–1-sitsar kan du få med deg?
 
Det er ikkje vanskeleg matematikk. 4–1 med konge, ti fjerde i aust toler du dårleg anten du fyrst seglar kløver dame eller om du spelar liten opp mot dama di (vest legg sjølvsagt lågt fyrst gongen). Men konge, ti fjerde i vest får du med deg anten du fyrst spelar kløver dame eller byrjar med kløver til knekten, så går inn på handa att og dreg kløver dame. Sidan du uansett har ein tapar om vest byrja med kongen singel, er det eigentleg like greitt å dra kløver dame.
 
Kva om aust byrja med kongen singel? Då må du leggje ned esset eller spela liten opp mot dama fyrst. Men det er mykje større sjanse for at ein eventuell singelton i aust er eit lite kort eller tiaren, enn at det er akkurat kongen singel. Om du spelar liten kløver opp mot dama, og denne tapar til kongen i vest, vil det vera galskap å kutte på niaren etterpå, å risikere beit med 3–2-sits i kløver.
 
Det er altså ingen tvil om at Tony Forrester spela rett då han drog kløver dame i andre stikk. Men straffa var nådelaus:   

 
kn 8 7
-
E D 8 4
E kn 9 7 6 3
 
D 6
10 9 7 4
10 7 6
10 5 4 2
10 5 3 2
D 8 6 3 2
9 3 2
K
 
E K 9 4
E K kn 5
K kn 5
D 8
 


At Bauke Müller skifte liten hjarter inne på kløver konge, var ein aldri så liten Grosvenor’s gambit: Om Forrester no tek finessen, kan han framleis vinne kontrakten fordi spar dame dett dobbel. Men Forrester måtte sjølvsagt satse på at kløveren gjekk, så han stakk med hjarter ess og spela kløver til esset. Vræl!
 
Framhaldet var logisk; spar knekt for å prøve å fiske opp dame, ti i aust, som er klårt beste sjanse for fire sparstikk. Det spela inga rolle; kontrakten er uansett beit idet ein ikkje kutta på niaren i andre kløverrunde.
 
På det andre bordet var kontrakten den same, og eg er ganske sikker på at speleføringa hadde vorte kopiert med ruter ut. Men kanskje fordi Ricco van Prooijen–Louk Verhees spelar eit noko kryptisk system, presterte Mike Bell i vest å spela kløver ut. Verhees la lågt i bordet, kongen kom på, og no rulla fargen. Heimgangen gav 17 IMP til Nederland, som til slutt vann finalen 67–39.  
 
Dei geniale spelarane som lever etter regelen om at kløver konge alltid sit singel, hadde sjølvsagt aldri gått beit i denne kontrakten. 

Av Erlend Skjetne
Skriv en kommentar:
http://  Kode:
Ingen meldinger