AESTON by Osigraf & Gnizt
Bridge i Norge - Hjem
 
Handle hos BIN Abonner på BIN Ukens spill Ekspertklubben Nøtteknask
>>> Forsiden / Ukens spill
 
Tolmod
Under ein krinskamp i Trondheim nyleg dukka det opp ei instruktiv motspelsprøve:    

 
E 10 9 5 2
10 9 2
K 3
9 6 3
 
K D kn 8
E 7 4
E kn 10 9 8 5
-
 
VestNordØstSyd
pass1 ru1 hj
pass2 ru1)2 sp3 kl
pass3 hjpass4 hj
passpasspass
1) God lyft i hjarter


Makkeren din byrjar med spar tre. Speleførar stikk med esset i bordet og fylgjer sjølv med firaren. Så bed han om liten kløver. Korleis ser du føre deg dette motspelet?
 
Det er jo hyggeleg at speleførar spelar ein farge der du er renons, og det kan verke tilforlateleg å slengje på ein låg trumf. Men det er grunn til å ta ein liten pause: Kvifor driv sør og spelar ein farge der han sjølv høyrest ut til å ha minst fire kort, i staden for å byrja med trumfen? Det finst det eigentleg berre éi logisk forklåring på, og det er at speleførar må ha ein såpass holete kløver at han treng å få stole éin i bordet.
 
Viss du trumfar, vil det sannsynlegvis gå på kostnad av eit originalt kløverstikk hjå makker, samstundes som du mister ditt eige «overtak» over bordets trumf. Du bør altså definitivt kaste ein ruter.
 
Speleførar vinn med kløver ess, og makker fylgjer med ein norsk sjuar, som tyder på at han har seks og ikkje fem kløver. Speleførar held fram med ruter dame, og makker legg toaren, som må tyde at han har tre der. Stikk du?
 
Når sør spelar ruter der han har 2–2 i staden for noko anna, må det vera ein grunn til dét òg. Han vil openbert ha ruter konge som eit inntak i bordet. Sidan han spela kløver opp mot handa éin gong, vil han sikkert gjera det igjen! Det vil ofte vera svært ugunstig for han å spela kløveren frå handa, for han vil jo ikkje at du skal stela ein av honnørane hans.
 
Du skal altså dukke ruter dame. Når det kjem ny ruter til kongen og esset ditt, kan du trygt kontre med spar konge. Ikkje uventa stel speleførar, for å halde fram med hjarter konge. Makker fylgjer med femmaren. No veit du vel kva du skal gjera?
 
Speleførar byrja tilsynelatande med fordelinga 1–6–2–4, og makkers trumf er nok hans einaste. For at ikkje speleførar skal få to trumfinngangar i bordet, bør du dukke på nytt. Innan no rister speleførar sannsynlegvis berre på hovudet, fordi han innser at den glimrande utgangen er i ferd med å gå beit. Slik såg spelet ut frå start:   

 
E 10 9 5 2
10 9 2
K 3
9 6 3
 
7 6 3
5
6 4 2
D 10 8 7 5 2
K D kn 8
E 7 4
E kn 10 9 8 5
-
 
4
K D kn 8 6 3
D 7
E K kn 4
 

 
Når sør no prøver seg med ny trumf, er vest sjølvsagt så vaken at han held på ruterkvisten sin – viss ikkje ventar det han eit innspel. Du stikk hjarter ti med esset, og kan velja om du vil spela spar eller hjarter. Men la oss seia du vel ein spar: Sør stel og prøver seg med trumf til niaren. Vest kastar igjen ein kløver, og prøver sør seg no på å dukke ein kløver rundt, går han fleire beit. Han kan like gjerne ta for kløver konge, for han kan ikkje få nokre fleire kløverstikk.
 
Det tolmodige motspelet ditt – å ikkje stela kløveren, ikkje stikke ruter dame og ikkje stikke hjarter konge – var heilt naudsynt for å beite utgangen. Han fauk heim på mange bord! 

Av Erlend Skjetne
Skriv en kommentar:
http://  Kode:
Ingen meldinger