AESTON by Osigraf & Gnizt
Bridge i Norge - Hjem
 
Handle hos BIN Abonner på BIN Ukens spill Ekspertklubben Nøtteknask
>>> Forsiden / Ukens spill
 
Sylfrekt
I denne vekas spel, som skriv seg frå andre spelehelg i 1. divisjon, må du tenkje utanfor boksen. Er du like kreativ som Christer Kristoffersen? 

 
E K D 6 3
D 9 7
5 3
kn 7 5
 
9
K 10 8 5
D 7 6 2
E D 6 3
7 2
E kn 4 3
10 8 4
10 9 8 2
 
kn 10 8 5 4
6 2
E K kn 9
K 4
 
 
VestNordØstSyd
P. MarstranderE. BergK. EllingsenC. Kristoffersen
pass1 sp
dbl2 gr1)3 hj3 sp2)
pass4 sppasspass
pass
1) Sparstøtte, minst utgangsinvitt
2) Minimum

 
Idet vest byrjar med hjarter åtte, og aust tek stikket med knekten, ser det rett og slett uhyre mørkt ut: Ettersom aust openbert har ein del poeng i hjarter, er vest markert med kløver ess, og sjansen for å unngå fire runde taparar verkar minimal.

I andre stikk skifter aust til ruter åtte. Det vil vera galskap å ta finessen der, sidan du likevel ikkje har bruk for avkastet. Altså stikk du med esset. Ser du overhovudet nokon sjanse for å få heim kontrakten?

Christer Kristoffersen gjorde det. Etter to rundar trumf spela han liten kløver frå handa!

Dette hadde nok ikkje fungert mot svigermor. Men durkdrivne Peter Bendik Marstrander såg moglegheita for at sør kunne ha eit val i kløver, dersom han byrja med konge, ni, åtte fjerde eller liknande. Speleførar kunne jo godt ha singel hjarter, så kanskje handlar heile spelet for han om å unngå tre kløvertaparar? I så fall må han jo få sjansen til å fiske på sjuaren i bordet?

Marstrander la liten a tempo, men denne gongen fauk Kristoffersen sjølvsagt opp på knekten. Vunne kontrakt!

Neppe Marstranders stoltaste augneblink, men berre å førestille seg at sør kan spela som han gjorde med kongen dobbel i kløver, krev riktig så god fantasi. Aktuelt hadde det hjelpt veldig om Kristian Ellingsen hadde teke det andre hjarterstikket før han skifte ruter, men heller ikkje han kunne ane at det skulle gå som det gjorde.

Av Erlend Skjetne
 
Skriv en kommentar:
http://  Kode:
Ingen meldinger