AESTON by Osigraf & Gnizt
Bridge i Norge - Hjem
 
Handle hos BIN Abonner på BIN Ukens spill Ekspertklubben Nøtteknask
>>> Forsiden / Ukens spill
 
Heilt til topps
Det blir spela ein heil del bridge òg i koronatida, vel å merkje på nett. Mellom anna har det vorte arrangert sterke invitasjonstevlingar for lag på BBO; ei slik ei vart nyleg vunne av Thor Erik Hoftaniska–Thomas Charlsen på Janet de Bottons lag.
 
Frå Roland Walds Facebook-side har vi stole eit spel som definitivt ikkje var vanskeleg for Hoftaniska, men som saktens kan vera lærerikt for mindre garva spelarar.
 
Det heile dreier seg eigentleg om utspelet. Sei at du sit i vest med korta under, og høyrer fylgjande meldingsforlaup:  

kn 9 5 3
K kn 9 2
9
D 9 7 2
 
VestNordØstSyd
HoftaniskaCharlsen
1 ru
pass1 sppass2 kl
pass3 klpass3 gr
passpassdblpass
passpass

 
At makkeren din kan doble 3 grand når du sjølv sit med såpass til kort, gjev unekteleg grunn til optimisme. Men kva tyder eigentleg makkers dobling?
 
Mellom gode spelarar er det temmeleg standard at slike «uvanlege» doblingar bak blindemann ofte bed om bordets fyrst melde farge ut. Det finst riktig nok unnatak, og dei kan fort medføre svært dyre situasjonar, men her er det ikkje grunn til å tru anna enn at makker vil ha spar ut.
 
Utruleg nok var meldingsforlaupet identisk på båe bord. På det andre bordet byrja vest med ein låg spar i høve til reglane paret hadde for fordelingsutspel. Då vart det to beiter, då heile spelet såg slik ut:

 
K 10 7 2
10 4
8 7
E 10 8 4 3
 
kn 9 5 3
K kn 9 2
9
D 9 7 2
E D 8 4
8 7 6
E kn 10 6 2
5
 
6
E D 5 3
K D 5 4 3
K kn 6
 
 
VestNordØstSyd
Hoftaniska Charlsen
1 ru
pass1 sppass2 kl
pass3 klpass3 gr
passpassdblpass
passpass

 
Temmeleg dårleg meldt, vil eg hevde, men dét er ei anna sak. Med liten spar i utspel kunne sør leggje lågt frå bordet, og dei resterande sparane var gode nok til å gje eit seint hald i fargen. Likevel gjekk kontrakten to beiter. 500 inn måtte vel vera eit godt spel for aust–vest, eller kva?
 
Nei då: Thor Erik Hoftaniska brukte ikkje lang tid på å hente fram spar knekt i utspel! Dette rulla opp heile sparen for forsvaret, og dimed var 800 sikra. Aktuelt trødde speleførar til overmål litt feil, og resultatet vart heile 1100 til nordmennene, for 12 IMP.
 
Utspelet av spar knekt er eigentleg veldig logisk: Har speleførar så mykje som singel spar – fleire har han neppe – kan det vera viktig å få saga opp den singeltonen, heller enn å la han bidra til å skapa eit hald. Spar knekt kan òg, i mange tilfelle, gjera livet lettare for makker.

Av Erlend Skjetne
Skriv en kommentar:
http://  Kode:
Ingen meldinger