AESTON by Osigraf & Gnizt
Bridge i Norge - Hjem
 
Handle hos BIN Abonner på BIN Ukens spill Ekspertklubben Nøtteknask
>>> Forsiden / Ukens spill
 
Val etter val
Bridgen handlar i stor grad om å måtte velja. Nokre gonger har ein godt grunnlag for å fatte viktige avgjerder, andre gonger er det svært vanskeleg å vita kva som er riktig. Her er eit typisk døme, eit kvardagsspel frå ei nettevling for ei lita tid sidan.  

 
7 2
D kn 10 5
E kn 7
10 4 3 2
 
 
E 10 6
E 8
K 10 6 2
E D 9 5
 
 
VestNordØstSyd
1 gr
pass2 klpass2 ru
pass2 grpass3 gr
passpasspass

 
Vest byrjar med ei norsk spar fem til knekten. Det verkar naturleg å dukke denne. Aust spelar spar ni opp att, og det skal seiast at det ser ut på småkorta som at sparen sit anten 4–4 eller 6–2, slik at det for så vidt kan vera fåfengt å dukke ein spar til. Men på den andre sida er det greitt å få full klårleik i korleis sparsituasjonen eigentleg er.
 
Sei at du legg spar ti, og vest vinn med dama for å halde fram med ein mellomhøg spar, som blindemann kastar kløver og aust ein liten hjarter på. Kva no?
 
Å sleppe vest inn vil vera dauden, men det er eigentleg berre ruteren som kan spelast på ein «sikker» måte, altså gjennom vest. I partevling er forresten ingenting særleg sikkert likevel, når det alltid handlar om å få flest mogleg stikk – innforstått òg å sleppe med færrast mogleg beiter, om det no blir eit beitespel.
 
Vår sør resonnerte som så at det ville krevja veldig mykje å vinne kontrakten berre på minorstikka, så han satsa på at vest ikkje hadde hjarter konge, ved å spela hjarter ess og hjarter. Vest hadde vel kanskje meldt over 1 grand med sekskorts spar og ein konge, sjølv i sona?
 
Aust vann stikket, og derifrå kom no sjølvsagt kløverskiftet, som er ukomfortabelt for sør. Å leggje liten og satse på både konge og knekt i aust, blir galimatias. Det står altså mellom dama og esset. Om ein stikk med esset, korleis skal ein spela vidare då? Det må kanskje bli ruter til knekten etterpå, men skal ein vinne utan kløveren, er det jo ikkje nok at ruterkappen går, ein må få fire ruterstikk. Igjen: Vest har kanskje ikkje kløver konge heller, når han ikkje melde over 1 grand?
 
Sør la altså kløver dame, og då ho stod, byrja dette sjå veldig bra ut. Kløveren må ein gje bort eit stikk i for å få odla, så dimed var det like greitt å prøve ruter til knekten for å sjå om den fargen tilfeldigvis kunne gje fire stikk.

 
7 2
D kn 10 5
E kn 7
10 4 3 2
 
K D 8 5 4 3
9 2
D 9 8
kn 6
kn 9
K 7 6 4 3
5 4 3
K 8 7
 
E 10 6
E 8
K 10 6 2
E D 9 5
 

 
Jau då: Ruter til knekten stod, deretter hjarterstikka med avkast av to kløver, og endeleg ruter ess og ruter til kongen.
 
630 var det faktisk ingen i salen som kunne matche, sjølv om forsvaret i teorien er sjanselause på å nekte speleførar ti stikk. Men var det ei god spilleføring eller ikkje? Korleis hadde du ført korta?

Av Erlend Skjetne  
Skriv en kommentar:
http://  Kode:
Ingen meldinger