AESTON by Osigraf & Gnizt
Bridge i Norge - Hjem
 
Handle hos BIN Abonner på BIN Ukens spill Ekspertklubben Nøtteknask
>>> Forsiden / Ukens spill
 
Det einaste kortet
Jonny Hansen har fortald om eit svært interessant spel frå finalen i ei digital WBT-tevling nyleg. Ein av mange spennande ingrediensar var ein glitrande skift frå makkeren Atle Sæterdal.
 
 
-
8 7 6 3
E kn 9 8
E K D 8 3
 
E 7 4
kn 10 9 5 4
4
9 7 6 4
K kn 8 6 3
K
D 10 5 3
kn 5 2
 
D 10 9 5 4
E D 2
K 7 6 2
10
 
 
VestNordØstSyd
HansenSæterdal
1 kl1 sppass
2 sp3 klpass3 gr
passpasspass

 
Sør var interessert i å spela mot sparkontrakt, og nokon stor fest hadde ikkje 2 spar dobla vorte. Men 3 kløver stakk kjeppar i hjula for den planen. Endehaldeplassen 3 grand var likevel ganske normal.
 
Med spar ut er det umogleg å nekte sør ni stikk. Men Hansen hadde grunn til å mistenke at sør var lasta i spar, og valde difor hjarter knekt. Om sør no stikk kongen med esset, står kontrakten med rett kortføring. Men sør visste ikkje kva han eventuelt skulle spela i stikk to, så han lasjerte hjarter konge. Håpet var kanskje sparskift, som fort vil bidra til å etablere eit stikk.
 
Diverre for sør forstod også Sæterdal at det var lurt å halde fingrane unna sparen. Ruter freista sjølvsagt heller ikkje, så då stod han att med kløveren. Men ein kan ikkje risikere at sør får for singel tiar, kan ein? Som tenkt, så gjort: Sæterdal skifte til kløver knekt! Deep Finesse er tydeleg i dommen sin: Dette spesielle tilbakespelet er det einaste som beitar 3 grand.
 
Aktuelt fekk sør det fullstendig om bakfoten, og var ikkje i nærleiken av å vinne kontrakten.
 
Men la oss sjå korleis sør må spela om han stikk hjarter konge med esset. Spelar han ruter konge og ruter går det gale, men det er ikkje unaturleg å tru at vest kan vera i lang i hjarter, slik at det kanskje bør takast høgd for ruterlengd i aust.

Å spela fire rundar kløver er eit svært godt alternativ, ikkje minst fordi den personen som kjem inn på den siste kløveren sin (gjeve at fargen sit beint), fort vil ha vanskar med tilbakespelet. Aktuelt blir det vest, som ikkje kan unngå å hjelpe sør same kva han skifter til.
 
Kva gjorde at kontrakten faktisk var beit med det briljante skiftet til kløver knekt, når no sør valde å lasjere fyrste hjarter?
 
La oss seia at sør er på høgda etter denne starten, og greier å dra ruter knekt frå bordet i tredje stikk. Aust må dekkje, elles står kontrakten automatisk. Om sør no stikk og etterpå lèt aust få for ruter ti, er det beit så lenge aust passivt spelar ruter tilbake. Sør kan jo ikkje gje bort endå eit stikk i ein sidefarge, for då har forsvaret beita med ess, konge i spar, men på den andre sida har sør berre tre kløverstikk, tre ruterstikk og to hjarterstikk på blokka. Sør kunne hatt lyst til å spela tre gonger kløver etter det fyrste ruterstikket, men han har jo ikkje fleire kløver på handa.
 
Kva om sør i staden – altså straks etter kløver knekt i skift – spelar alle honnørane i kløver og ein fjerde ein? Vest har no eit enkelt frikort i ein liten hjarter, og sør har berre fire kløverstikk, to ruterstikk og to hjarterstikk. Han kan gjerne «finne» ruteren, men gjev han bort eit stikk der, kan forsvaret ta beita med ess og konge i spar.
 
Eit pikant spel med mange ulike moglegheiter, og det vil føre for langt å gå inn på dei alle. Men Sæterdal skal i alle fall ha skryt for ein nydeleg kløver knekt – og det bør nemnast at laget hans vann finalen! 

Av Erlend Skjetne
Skriv en kommentar:
http://  Kode:
Ingen meldinger