AESTON by Osigraf & Gnizt
Bridge i Norge - Hjem
 
Handle hos BIN Abonner på BIN Ukens spill Ekspertklubben Nøtteknask
>>> Forsiden / Ukens spill
 
Trill rundt
Halldor Barikmo er ein velkjend spelar i Sør-Trøndelag krins, men om sumaren er han ofte å finne i Telemark. Frå Flesberg BK i Numedal har han innrapportert eit spel der han kjende seg grundig lurt av fienden, i ein slik grad at han i etterkant har vurdert å slutte med bridge.  
 
 
D
E kn 10 9
D kn 8 7
E K D 3
 
 
10 5 3
D 5 4 3 2
E 5 3
8 7
 
 
VestNordØstSyd
2 ru1)pass
2 hj2)pass2 sppass
passdblpass3 hj
3 sp4 hjpasspass
pass
1) Multi
2) Pass eller korrigér

 
Sei at vest byrjar motspelet med spar to, norske utspel. Aust vinn med kongen og skifter til ruter to. Korleis planlegg du spelet? Det er partevling, så eventuelle overstikk er vesentlege.

Aust ser ut til å ha ess, konge i spar. Han har synt ei hand under opningsstyrke, og vest har trass alt kjempa med 3 spar, så det verkar sannsynleg at vest kan ha båe dei raude kongane.

Enn vidare spelar «alle» høgste frå dobbelton, så ruter to ser veldig ut som ein singelton, eventuelt den minstre frå tre (men mange spelar det høgste kortet tilbake frå tre småe òg, fordi lite kort vil vera invitt og syne ein honnør). Skulle vest ha kongen tredje i ruter, er det det same om du stikk eller ikkje, men om aust har singelton, er det opplagt best å stikke. Med andre ord blir det vel så du stikk?

Slik tenkte Halldor Barikmo, og eg hadde nok gjort det sjølv òg. I neste stikk fylgde hjarter dame, god teknikk for å fange opp kongen tredje i vest. Men nasen vart særs lang, for slik såg heile spelet ut:

 
D
E kn 10 9
D kn 8 7
E K D 3
 
E kn 2
8 7
10 4
kn 9 6 5 4 2
K 9 8 7 6 4
K 6
K 9 6 2
10
 
10 5 3
D 5 4 3 2
E 5 3
8 7
 

 
Aust stakk med hjarter konge, la ned ruter konge og gav vest ei rutersteling! Éi beit!

Terrenget stemte altså overhovudet ikkje med kartet: Vest hadde underspela spar ess i utspel, og dimed hadde aust òg ei heilt anna hand enn forventa.

Det var Anne Marit Knutsen–Jan Terje Kjennerud som var Barikmo sine motspelarar. Eg tek av meg hatten for eit framifrå motspel!

Av Erlend Skjetne
Skriv en kommentar:
http://  Kode:
Ingen meldinger