AESTON by Osigraf & Gnizt
Bridge i Norge - Hjem
 
Handle hos BIN Abonner på BIN Ukens spill Ekspertklubben Nøtteknask
>>> Forsiden / Ukens spill
 
Fingrane frå fatet
Det hender at speleførar har ein klår plan, og spelar i eit forrykande tempo. Då bør ein som motspelar prøve å senke farta, og ikkje la seg narre til å gjera forhasta feil.  
 
 
K D
kn
10 9 5
E kn 7 6 5 4 2
 
kn 7 4 3
10 9 6 2
kn 7 4 3
D
 
VestNordØstSyd
pass1 kl2 gr1)4 sp
passpasspass
1) Ruter og hjarter, minst 5-5

 
Det er partevling. Du liker ikkje heilt å berre jekke med tilpass i båe makkers fargar, men av og til må sjølv dei sterkaste sjå seg slått av sonetilhøva. Kva spelar du ut mot 4 spar? «Always lead your singelton», seier uttrykket, men med knekten fjerde i spar og honnør singel i kløver, er stelingar kanskje ikkje det mest interessante? Er det ikkje betre å freista servere makker nokre stikk?

For at dette spelet skal bli interessant, må du faktisk spela ruter ut, utan at det er veldig klårt kvifor du skal velja denne fargen framfor hjarteren.

Ruterutspelet vinn sør med esset, og spelar lynraskt hjarter ess, hjarter til steling, ruter til steling, hjarter til steling og ruter til steling. Så dunkar han ned spar ess, aust er renons, og så kjem liten kløver til dama og esset, og kløver til kongen i aust og tiaren i sør. Det kan ikkje spela noka rolle kva raudfarge du kastar no, men la oss seia du vel ruteren.

Du har full oversikt over dei resterande korta. Sør byrja med sju spar, tre hjarter, to ruter og ein kløver, og idet aust spelar ruter konge som sør stel med spar ti, må situasjonen vera fylgjande:

 
-
-
-
kn 7 6 5
 
kn 7 4
10
-
-
-
K 8
K
9
 
10 9 8 6
-
-
-
 

 
Mange ville nok på auto ha stole over med spar knekt. Men dersom du stel over, vil ikkje sør få fleire taparar. Du kastar difor hjarter ti, og når sør no spelar spar ni, må du ta deg i vare ein gong til: Stikk du, må du avslutte opp i åtte, seks. Så du ligg unna igjen, og omsider har knekt, sju vorte to sparstikk!

Heile spelet:

 
K D
kn
10 9 5
E kn 7 6 5 4 2
 
kn 7 4 3
10 9 6 2
kn 7 4 3
D
-
K D 8 5 3
K D 8 6 2
K 9 8
 
E 10 9 8 6 5 2
E 7 4
E
10 3
 


Skilnaden på 450 og 420 ut var faktisk svært stor. Merk at det var avgjerande for at trumfhøginga skulle kunne bli realitet, at du fekk dunka ut sørs ruter ess i fyrste stikk. Med kløver eller hjarter ut har sør ein lett veg til elleve stikk. Med ruter ut kunne han òg ha fått elleve, men då må han ikkje ta spar ess etter den siste ruterstelinga på handa, noko som verkar temmeleg kontraintuitivt.

Det einaste utspelet som alltid held kontrakten på ti stikk, er trumf. Men det var kanskje ikkje så veldig aktuelt, eller?


Av Erlend Skjetne
Skriv en kommentar:
http://  Kode:
Ingen meldinger