AESTON by Osigraf & Gnizt
Bridge i Norge - Hjem
 
Handle hos BIN Abonner på BIN Ukens spill Ekspertklubben Nøtteknask
>>> Forsiden / Ukens spill
 
Samarbeidets edle kunst
I dag byrjar vi med ei meldeprøve, som skriv seg frå ein privat lagkamp nyleg.
 
kn 5 4
5
K 10 4 2
E K 8 7 3

 
Du har denne vifta i aust, med alle i sona, og høyrer makkeren din opna i fyrste hand med 3 ruter. Nord melder inn 4 ruter, båe major. Kva gjer du?
 
Refleksen er å støtte makkers ruter, der vi jo fort kan ha ein haug med stikk om makker er kort i spar. 5 ruter er kanskje nok; det kan stå eller vi kan gå nokre fåe beiter mot motpartens majorutgang. 6 ruter kan òg ha noko for seg, for det er endå vanskelegare for fienden å ta rett avgjerd på 6-steget. Det kan hende at dei går glipp av ein slem som står, eller at dei melder ein slem som er kistebeit. Det kan òg hende at 6 ruter er ein god stamp mot 5 i major – eller det kan hende at motparten ikkje har all verda i korta, sidan du trass alt rår over ess, konge i kløver.
 
Same kva du melder, er det relativt stor sjanse for at sør kjem til å melde ein major. Då vil makkeren din få utspelet, og du kan risikere at kløverstikka dine forsvinn som dogg for sola. Kva kan du gjera for å hindre at dette skjer?
 
Skal du melde på 5-steget, bør du melde 5 kløver, og skal du melde på 6-steget, bør du melde 6 kløver. Du må hjelpe den stakkars makkeren din! Slik såg heile spelet ut, med dei to ulike meldingsforlaupa på dei to borda i lagkampen.
 
 
E K D 9 8 2
E D 9 4 3
-
10 5
 
6
8 7 6
E kn 9 8 7 5 3
D 9
kn 5 4
5
K 10 4 2
E K 8 7 3
 
10 7 3
K kn 10 2
D 6
kn 6 4 2
 
 
VestNordØstSyd
pass (!)1 sppass2 sp
pass (!)4 rupass4 sp
passpasspass
VestNordØstSyd
3 ru4 ru5 ru5 hj
pass6 hjpasspass
pass

 
På det eine bordet «gløymde» vest altså å opna i 3 ruter, og heller ikkje etterpå greidde forsvaret å melde seg på – nokså bleikt. Nord trudde han måtte få eit godt spel her, for det vart jo tydeleg at det stod elleve stikk i ruter hjå motparten, og aust–vest hadde alltid to kløverstikk å ta mot sparkontrakt, jamvel utan kløverutspel.
 
Men det same galdt jo ikkje mot hjarterkontrakt. Aust på det andre bordet var ikkje interessert i å rettleia makker, så mot 6 hjarter kom det ruter ut. Dimed forsvann tre av sørs kløver på spar, og slemmen var heime.
 
Det vart i ettertid diskutert om aust burde ha dobla 6 hjarter. Ja, kanskje, for det bed om eit spesielt utspel, og i dette tilfellet er det nok mykje større fare for at eventuelle kløverstikk kan forsvinne i motspelet, enn for at eventuelle sparstikk kan gjera det. På ein måte hadde jo aust maksimert vinstpotensialet, for om han i staden melder 5 eller 6 kløver direkte, kjem nok ikkje motparten i slem. Men når han ikkje gidda korkje å melde kløver eller doble slemmen, då var katastrofen eit faktum.

Av Erlend Skjetne
Skriv en kommentar:
http://  Kode:
Ingen meldinger