AESTON by Osigraf & Gnizt
Bridge i Norge - Hjem
 
Handle hos BIN Abonner på BIN Ukens spill Ekspertklubben Nøtteknask
>>> Forsiden / Ukens spill
 
Ærleg dame
For oss vanlege døyelege er det av og til fascinerande å sjå kor store feil som blir gjort jamvel på det høgste nivået i eit VM. Dette er riktig nok ikkje det same som å hevde at ein sjølv ville ha gjort det betre – VM-spelarane har jo gjerne òg evna til å gjera mykje rett, til og med veldig rett, innimellom feila. I vekas spel er det England som gjer ein grov feil, Noregs Terje Aa (som så ofte) noko rett. 
 
 
kn 6
E D 9 7 3
D 10 9 3 2
K
 
7 4 3
kn 5 4
E
E kn 8 7 6 5
 
VestNordØstSyd
1 kl2 gr1)pass5 ru
passpasspass
1) Minst 5-5 i ruter og hjerter

 
Du kan jo gløyme for ein augneblink at du allereie har sett blindemann, og bestemme deg for kva du spelar ut.
 
Det du veit, er at bordet har maks tre svarte stikk. Så det vil ofte vera viktig for di side å få teke toppstikka kjapt, før dei forsvinn. Det verkar altså naturleg å byrja med kløver ess, for om den står, treng du jo berre eitt stikk frå makker for å kunne hente beit.
 
Kløver ess vart vald på båe bord, etter identisk meldingsforlaup. Det eigentlege «problemet» kjem når bordet altså fylgjer med kløver konge, makker med kløver dame og sør med kløver tre. Korleis held du fram?
 
Det du kanskje legg merke til, er at du sjølv har kløver knekt. Makker har altså lagt dama utan å ha knekten. Korleis i alle dagar kan han finne på noko slikt? Jo, det må vel nesten tyde at han har singelton. Av og til er veldig høge kort meint som lavinthal, men det blir vel litt heftig å ofre ei dame «på luft» i eit slikt augemed?
 
Christian Bakke fann kløverframhaldet, og då vart det beit, då heile spelet såg slik ut:

 
kn 6
E D 9 7 3
D 10 9 3 2
K
 
7 4 3
kn 5 4
E
E kn 8 7 6 5
D 10 9 8 5 2
K 10 8 2
kn 8
D
 
E K
6
K 7 6 5 4
10 9 4 3 2
 

 
Ruter knekt hjå Boye Brogeland måtte no bli eit stikk, som saman med ruter ess utgjorde beita.
 
Kva engelske Michael Byrne på det andre bordet tenkte, veit ikkje eg. Men det kan nesten verke som at han tok kløver dame som lavinthal, for han skifte spar.
 
Framleis krevst det litt varsemd frå speleførar, men Terje Aa hadde ingen vanskar. Etter spar til esset drog han hjarter til esset og hjarter til steling, og så ein trumf. Esset kom på, og no hadde Byrne omsider teke til vettet, då han prøvde ein kløver. Men det var for seint: Aa kunne stela høgt i bordet og plukke bort ruter knekt i aust. No har han ikkje nok trumf til å stela god og hente hjarteren, men han berga ved å presse ut kløver knekt mot trumf i bordet, og såleis sikre seg eit stikk for kløver ni.

400 på bok og 10 IMP den rette vegen, i ein kamp Noreg vann 10,91–9,09 i VP.

Av Erlend Skjetne
Skriv en kommentar:
http://  Kode:
Ingen meldinger