AESTON by Osigraf & Gnizt
Bridge i Norge - Hjem
 
Handle hos BIN Abonner på BIN Ukens spill Ekspertklubben Nøtteknask
>>> Forsiden / Ukens spill
 
Siste utveg
Noko av det som skil klinten frå kveiten i bridge, er evna til ikkje å miste hovudet når saker og ting byrjar sjå litt kritiske ut. Vekas spel skriv seg frå det tredje av dei seks setta i kvartfinalen i Bermuda Bowl. Som vi hugsar, vann Noreg kampen klårt til slutt.

 
E 10 9 8
E 9 4 3
E 2
kn 7 5
 
5 2
8 7
10 9 8 6 4
K 9 3 2
kn 7 4 3
K D 10 6 5
kn
D 6 4
 
K D 6
kn 2
K D 7 5 3
E 10 8
 
 
VestNordØstSyd
SpectorHelgemoWolpertHelness
1 gr
pass2 klpass2 ru
pass3 grpasspass
pass

 
Meldingsforlaupet, med ein ordinær Stayman-sekvens til standardkontrakten, var det same på båe bord.
 
Amerikanske Vincent Demuy fekk ei enkel oppgåve. Boye Brogeland byrja med ruter ti, og Demuy valde no å lasjere knekten frå Bakke. Kanskje ikkje dumt spela? Med ruteren ikkje verre enn 4–2 er jo dette no eit spel om overstikk, og skulle aust ha byrja med singel ruter, er det absolutt ein sjanse for at han kan skifte feil og hjelpe speleførar.
 
Aktuelt skifte Bakke til hjarter konge, og då denne stod, heldt han fram med liten hjarter. Det var ikkje blink, for no hadde speleførar ni ess.
 
Tor Helness stakk derimot fyrste ruter i bordet. Igjen: Får ein fire sparstikk her, har ein ni toppstikk. Utover den gode moglegheita for å få eit ekstra ruterstikk, finst det potensiale for eit ekstrastikk i kløveren.
 
Helness vona nok at han anten skulle sjå noko hyggeleg skje i kløver eller at vest skulle koma inn og gje han ein slags favør, då han straks spela kløver til åttaren.
 
Men det sat ikkje honnør, ni framom denne gongen, og den amerikanske sponsoren Warren Spector vann med niaren og kontra straks med kløver, sikker på at makkeren måtte ha dama (at han reint teoretisk kunne ha beita kontrakten ved å skifte hjarter på dette tidspunktet, får bli ei anna sak).
 
Helness stakk kløver dame med esset og prøvde ein høg ruter, men då denne synte seg å sitja skakt, byrja dette plutseleg bli litt sveitt. Han fridde seg med kløver, og Spector kunne forsyne seg med to stikk der, før posisjonen var fylgjande:

 
E 10 9 8
E 9 4
-
-
 
5 2
8 7
9 8 6
-
kn 7 4 3
K D 10
-
-
 
K D 6
kn 2
D 7
-
 

 
Idet vest no skifter hjarter, har Helness altså gjeve bort tre stikk. Legg han liten hjarter i bordet, er det ingen veg utanom beit, då aust stikk og hamrar ned nok ein høg hjarter, og sparen no er blokkert for speleførar.
 
Men Helness fann heldigvis løysinga. Han stakk med esset i bordet og spela spar til kongen, for deretter å ta ruter dame med avkast av ein hjarter i bordet.
 
Aust var no utsett for ein klassisk innspelsskvis. Han måtte halde spar, altså blanke ein hjarterhonnør. Men no tok Helness også spar dame, før han sette aust inn på den siste hjarteren for å få spar opp i ess, ti.
 
Eit keisamt buttspel, eller kva? 

Av Erlend Skjetne
Skriv en kommentar:
http://  Kode:
Ingen meldinger