AESTON by Osigraf & Gnizt
Bridge i Norge - Hjem
 
Handle hos BIN Abonner på BIN Ukens spill Ekspertklubben Nøtteknask
>>> Forsiden / Ukens spill
 
Tunge ting
I denne vekas spel må du ta stilling til eit speleføringsproblem frå 3. divisjon. Som så ofte finst det ingen fasit – og denne gongen heller ingen utveg.

 
10
E 9 6
10 8 7 2
D 9 7 6 4
 
 
E D 9 8 6 2
K D kn 3 2
kn 9
-
 
 
VestNordØstSyd
1 sp
2 klpasspass3 hj
pass4 hjpasspass
pass


Idet vest byrjar med kløver ess, ser du at du har nådd ein hard utgang, men ein som ikkje er utan sjansar. Korleis bør det spelast?
 
Ettersom ruterfargen ligg vidopen, er det neppe noko å tene på ikkje å stela utspelet. Så kan du byrja telja litt.
 
Tilsynelatande er dette eit spel der det kan finnast mange stikk på kryssteling. Men om du får brukt alle dei tre hjarterane i bordet og alle dei fem på handa til stelingar, har du framleis berre ni stikk, spar ess rekna med.
 
Du kan sjølvsagt få to sparstikk med ein vellykka finesse, men du har ingen annan farge å gå inn i bordet i enn trumf, noko som igjen reduserer potensialet for stelingar. I tillegg opnar ei slik speleføring for nokre farar knytte til hjarter ti.
 
I praksis landa sør på ein annan variant. Han var slett ikkje sikker på at sparkappen ville gå, så han spela straks spar ess og spar til steling. Hadde kongen eller knekten vist seg i eit av dei fyrste sparstikka, ville kontrakten no ha vore nedlegg med trumfen 3–2, ved å ta ut trumfen og gje bort eit sparstikk.
 
No viste ingen honnørar seg i dei to fyrste sparrundane, men den nyss nemnde speleføringa fungerer framleis om sparen opprinneleg satt 3–3, pluss hjarteren altså 3–2.
 
Då speleførar no la ned hjarter ess, fall tiaren frå vest. Den såg jo veldig ut som ein singelton, så speleførar kunne – eller burde? – no kanskje ha spela ein kløver til steling for å få stole nok ein spar, og såleis avgrense mengda beiter. Men i lagkamp er jo dette utruleg keisamt: Kva om vest, ein glimrande spelar, skulle ha vore ute med eit elegant false-card frå tiaren dobbel i hjarter?
 
Nei, sør gjekk for gull ved å prøve nok ein hjarterrunde. Men slik såg heile spelet ut:

 
10
E 9 6
10 8 7 2
D 9 7 6 4
 
5 4
10
K D 5 4
E K kn 10 3 2
K kn 7 3
8 7 5 4
E 6 3
8 5
 
E D 9 8 6 2
K D kn 3 2
kn 9
-
 

 
Resultatet vart no tre sonebeiter; sør fekk berre på spar ess og seks hjarter. Korleis ville du ha ført korta?
 
Diverre er det denne gongen, i teorien, umogleg å få ti stikk i 4 hjarter. Éin speleførar greidde det likevel. Elles vart det beiteplukk over heile lina, og å berge med éi beit ville faktisk ha gjeve pluss på butlaren.

Av Erlend Skjetne
Skriv en kommentar:
http://  Kode:
Ingen meldinger