AESTON by Osigraf & Gnizt
Bridge i Norge - Hjem
 
Handle hos BIN Abonner på BIN Ukens spill Ekspertklubben Nøtteknask
>>> Forsiden / Ukens spill
 
Lik i lasten
At bridge er ein hobby ein kan utøve med glede og på høgt nivå heile livet, prova den levande legenda Zia Mahmood nok ein gong no nyleg, ved å vinne den prestisjetunge amerikanske lagtevlinga Vanderbilt. 77 år er ingen alder i bridge! Hans lag Wolfson vann finalen mot lag Bernal med sifra 141–113.
 
På vinnarlaget spela, forutan Zia og makker David Gold, Joe Grue med Brad Moss og Steve Garner med sponsor Jeffrey Wolfson. Utfordrarane var Alfredo Versace, Antonio Sementa, Giorgio Duboin, Leonardo Cima, Michael Kamil og Francisco Bernal.
 
Vekas spel er frå semifinalen, og viser at vegen til siger i Vanderbilt trass alt er brulagd med nokre katastrofar. Her er ei meldeprøve: 

E 7
kn 5
D kn 9 6 5 4
D kn 7


Ingen er i sona. Du høyrer pass framom deg, og opnar 1 ruter. Motstandaren til venstre hoppar inn med 4 kløver, sperr, og det går negativ dobling frå makker og to passar til deg. Kva no?
 
Du har vel eigentleg berre to alternativ: Du kan plukke ut i 4 ruter, som verkar som det minst risikable, eller du kan passe. Du har eit sparstikk, og det ser jo ut til at du fort har eit trumfstikk, og makker må vel kunne bidra med eit par stikk, han òg?
 
Joe Grue valde å melde pass. Slik såg heile spelet ut: 

 
K 9 4 3
E K 8 4 2
7 3
4 3
 
D 10 8 2
D 10 7 3
E K 10 8
8
E 7
kn 5
D kn 9 6 5 4
D kn 7
 
kn 6 5
9 6
2
E K 10 9 6 5 2
 
 
VestNordØstSyd
MossPercarioGrueDonati
pass1 ru4 kl
dblpasspasspass

 
Eg veit ikkje om Moss si dobling heller er desidert; det kan jo argumenterast for at ruteren heller bør støttast. Men for det fyrste vil dette fort gjera at ein eventuell majortilpass forsvinn, og for det andre blir det litt annleis når Grue–Moss spelar ein presisjonsvariant og 1 ruter kan vera så ymse.
 
Den unge italienaren Giovanni Donati på lag Goodman fekk det ikkje akkurat vanskeleg då Brad Moss sørva høg ruter og i andre stikk skifte spar dame. Ruter ni frå Grue var kanskje eit for sterkt sparsignal? Skiftet verkar i alle høve nokså risikabelt, men det kan sjølvsagt vera fare for at ein spartapar pilar på høg hjarter i bordet.

Etter kongen og esset kom det ny spar, vunnen med knekten, før Donati drog ein hjarter til esset og ein kløver til … tiaren! Det er sjølvsagt ei fargehandsaming som er heilt uaktuell om ikkje Grue med passen på doblinga hadde indikert eit trumfstikk.
 
No vart audmjukinga total, då resten av kløverleksa skvisa Moss i major! Donati fekk ikkje mindre enn elleve stikk, 610 inn og 12 IMP mot meir normale 4 ruter på det andre bordet, som stod.
 
Også om Donati bommar kløveren, fyk kontrakten heim på skvis slik motspelet har gått, sidan aust – om han kjem inn i trumf – ikkje får gjeve makkeren det godspela sparstikket.
 
Wolfson vann likevel altså semifinalen, før dei etterpå òg tok finalen.
 
4 kløver dobla kunne ha vorte meir spennande om forsvaret held hendene frå sparen. For sjølv om speleførar finn kløveren, har han i tillegg ei sparutfordring som må løysast. Men aktuelt finst det mange vegar heim til Roma.

Av Erlend Skjetne 

Skriv en kommentar:
http://  Kode:
Ingen meldinger