AESTON by Osigraf & Gnizt
Bridge i Norge - Hjem
 
Handle hos BIN Abonner på BIN Ukens spill Ekspertklubben Nøtteknask
>>> Forsiden / Ukens spill
 
Stjernestamp
Som dei fleste vel har fått med seg, gjekk det delvis norske lag Orca nyleg sigrande ut av European Winter Games i alpelandsbyen Tignes i Frankrike. Store gratulasjonar til Erik Berg–Peter Crouch, Espen Erichsen–Richard Plackett og Ola Rimstedt–Mikael Rimstedt med ein fantastisk prestasjon.
 
Både i kvartfinalen, semifinalen og finalen vann Orca komfortabelt, men før den tid, var det så vidt dei tok seg vidare frå grunnspelet, og også så vidt dei slo eit indisk lag i den fyrste sluttspelsrunden.
 
Å få Pierre Zimmermanns profflag som motstandar i ein situasjon der ein treng ein god siste kamp for å gå vidare til sluttspelet, er ingen draumesituasjon, men den utfordringa tok Orca på strak arm, og slo samstundes Zimmermann ut av tevlinga. Her er eit spel frå denne siste og avgjerande kampen i grunnspelet.  

 
E 10 4 2
6
10 7 5
K D kn 4 2
 
kn
E D kn 10 7 2
K 9 8 3 2
E
D 7 5 3
K 9 5
D 6 4
10 8 3
 
K 9 8 6
8 4 3
E kn
9 7 6 5
 


Vest                    Nord                   Aust                     Sør
O. Rimstedt        Gawryś              M. Rimstedt         Klukowski
1 hj                      dbl                      2 hj                      2 sp
3 ru                     pass                    4 hj                      pass             
pass                   pass
 
Vest                    Nord                   Aust                     Sør
Drijver                 Berg                   Brink                    Crouch            
1 hj                      dbl                      2 hj                       2 sp
4 hj                      4 sp                    dbl                        pass
pass
 
Her ser vi meldingsforlaupet på dei to borda.
 
4 hjarter er berre eit spørsmål om overstikk; Ola Rimstedt fekk ti stikk for 620.
 
Det kan jo verke merkverdig at Gawryś ikkje eingong følte han hadde til 3 spar der Berg hadde til 4. Men det vart ein annan situasjon på Bergs bord, då han straks måtte ta stilling til motparten sin soneutgang. Mange ville nok likevel ha passa sløvt, men Berg såg eit offensivt potensiale i handa.
 
4 spar skulle vise seg å bli ein svært lukrativ stamp. Kløver ess kom ut, og Drijver greidde å skifte liten hjarter til Brinks konge. No er det beit om Brink gjer det som han vel fekk ein ganske tydeleg instruks om, nemleg å gje makker ei kløversteling. Brink har så mange trumf at det må bli ein rutertapar til slutt. Men då Brink prøvde seg med skift til ruter dame, forsvann det avgjerande stikket for forsvaret.

Crouch stakk med esset, spela spar til esset og spar to til finesse på åttaren. Det gjekk jo bra, så fylgde hjarter til steling med spar ti, og spar fire til finesse på spar ni, og ut med den siste trumfen under spar konge. Crouch hadde allereie seks stikk, og i bordet venta fire kløverstikk – 590!
 
15 IMP på dette spelet bidrog godt til siger 30–14 i IMP i kampen, og ein plass mellom dei 16 laga som gjekk til sluttspelet. Resten er, som det heiter, historie.

Av Erlend Skjetne
Skriv en kommentar:
http://  Kode:
Ingen meldinger