AESTON by Osigraf & Gnizt
Bridge i Norge - Hjem
 
Handle hos BIN Abonner på BIN Ukens spill Ekspertklubben Nøtteknask
>>> Forsiden / Ukens spill
 
Tynn von
Ein viktig ting i bridge er å ta vare på alle sjansar som finst, også dei småe. Ein svært god spelar gløymde denne grunnleggjande regelen i vekas spel, som skriv seg frå European Winter Games i Frankrike nyleg.  

 
K D 8 6 4 3
E 8 5
8 4
10 4
 
 
E 5 2
K 7 4
K kn 5
K 7 6 2
 
 
VestNordØstSyd
pass|2 ru1)pass2 gr2)
pass3 hj3)pass4 sp
passpasspass
1) Multi
2) Spørsmål om farge og styrke
3) Maks med spar


Motparten har altså ikkje meldt, og vest byrjar med hjarter ti. Kva tenkjer du om dette spelet?
 
Om du baserer deg på at motparten ikkje gjer noko veldig dumt, er analysen i grunnen enkel. Du har åtte toppstikk (så lenge sparen ikkje sit 4–0). Forsvaret har funne det kritiske punktet ditt med hjarter ut. Skulle kløver ess sitja framom kongen, slik at du får eit niande stikk der, treng du eit riktig ruterval for å vinne kontrakten.
 
Sit kløver ess derimot bak, må du ha to ruterstikk for å koma til ti; du er altså avhengig av at aust har både esset og dama. Desse to stikka må vel å merke odlast før motparten har etablert eit hjarterstikk i tillegg til dei tre minorstikka sine. Dette gjer at du ikkje på nokon trygg måte kan sjekke om kløver ess sit framfor før du spelar ruter, noko som i sin tur gjer det best å spela ruter til knekten (med mindre du har fått sterke indikasjonar på aust har esset og vest dama, naturlegvis, men noko slikt kan du neppe forvente her).
 
Vår sør vann utspelet på handa, spela spar ess og spar til kongen, og såg at aust byrja med singel spar. Så tok han også spar dame, og spela ruter. Aust la liten, sør la knekten – den stod! Og så …
 
Nei, vent no litt: Sør hadde jo no berre eitt inntak i bordet, og det var hjarter ess! Og forresten var vel handa hans temmeleg inntakslaus og daud, same korleis han vreid og vende på det? Beit vart det iallfall, då heile spelet såg slik ut:

 
K D 8 6 4 3
E 8 5
8 4
10 4
 
kn 9 7
D 10 9
10 9 7 2
E D 5
10
kn 6 3 2
E D 6 3
kn 9 8 3
 
E 5 2
K 7 4
K kn 5
K 7 6 2
 


Dette handlar i grunnen berre om timing. Sør må sikre seg at han får spela ruter mot handa så tidleg at kommunikasjonen er open båe vegar. Til dømes kan han vinne utspelet i bordet, ta éin høg spar i bordet og så spela ruter. Motparten har ikkje noko forsvar, etter kvart kjem ti stikk rullande inn.

Av Erlend Skjetne
Skriv en kommentar:
http://  Kode:
Ingen meldinger