Per Tjelmeland har sendt oss dette spillet fra en turnering på Topbridge:


Oops! ... I did it again.


 

spar

D 10  
hjerter kn 9 5 4
ruter E K kn 6 3
kløver D 9
   
   
       
       
       
 

spar

K 9 8 6 4  
hjerter D 7 3
ruter D 10
kløver E 7 4

vest
nord
øst
syd



Per
Tjelmeland

1)
 

1) Når ikkje makker hadde krefter til grand, så måtte eg sjølvsagt ta ansvar!


Vanlegvis er 90 sekund nok til å tenka seg om, men her vart eg for panisk:

Liten hjerter ut til liten, tier og dame. Det kan heilt sikkert diskuterast kva som er beste (parturnerings)speleplan her, men eg valgte i alle høve å spela spar til dame og ess. Liten hjerter til vest sin konge, og liten kløver oppatt. Kløver dame som fekk stikket bekrefta vel at det ikkje var den heilt høge standarden rundt bordet. Spar ti fekk seila rundt, og det var renons i vest.

Dykk med oversikt ville vel i hyggeleg robberlag no ha lagt ned korta og forlangt resten. Sjølv syntes eg å ana spanande ting med sparlengde til høgre og hjerterhonnør til venstre. Så eg spela ruter til dame og ..... resten av ruteren. Eit par stikk inn i ruterleksa såg eg katastrofen. Når spar konge ikkje vart teken fyrst, så fungerte ikkje det som i etterkant jo var ein svært så tydeleg dobbeltsidig skvis!

Vona er at kvar gong eg opplever dette, så er eg nærare den augneblinken då eg ser situasjonen tydeleg før eg øydelegg han, og då kan overskrifta bli: Yes! I did it again.

Helsing Per Tjelmeland, Båsmoen