BIN 2-26 kom ut 22. mai.

Hast og last

Hastverk er lastverk, heiter det, og at dette er sant, stadfester bridgen ofte. Tallause feil skjer fordi ein har det for travelt og ikkje tenker igjennom ting. Vekas spel er eit døme frå finalen i NM lag på Storefjell no nyleg, mellom lag Vikersund og lag Sunnfjord.
Del

Hardt og godt

Finalen i NM lag vart ein parademarsj for Heimdal bridgeklubb. Dei som i namnet var andrelaget – men definitivt klåre førehandsfavorittar – vann med det enorme snittet 16,81 på dei sju kampane, som vel må vera nær historisk rekord. Det vart også sylv til same klubb, men scoren til sylvlaget var meir normal. Tredjeplassen gjekk etter litt avsluttande spenning til TopBridge BK 7.

Her er ei meldeprøve Geir Helgemo fekk i den siste kampen, mot nettopp dei som skulle bli bronsemedaljørar.
Del

Lagfinalen spilles på Storefjell i pinsen

Finalen i NM for klubblag spilles på Storefjell Resort Hotel fra fredag 22. mai til mandag 25. mai. Åtte lag er kvalifisert, derav ett fra arrangørklubbene Hemsedal BK og BK Missklikk.

Heimdal BK 2 (Kåre Bogø, Geir Helgemo, Christer Kristoffersen, Christian Bakke og Tor Eivind Grude), som stiller med halve landslaget og er klare favoritter, har tatt ledelsen etter første spilledag foran Sunnfjord BK og Vikersund BK.

Lagfinalen kan følges på BBO, der det vises én kamp fra hver av de sju rundene.

Lur finesse

Vi skal ein tur attende til den sterke amerikanske lagtevlinga Vanderbilt, spela under dei amerikanske Spring Nationals i St. Louis tidlegare i vår.

For Noreg vart det ingen stor jubel, då både Boye Brogeland–Christian Bakke på lag Rosenthal og Geir Helgemo på lag Rubenstein tapte sine kvartfinalar. Men Helgemos lagkamerat Joe Grue kan i det minste skryte av å ha lykkast med ein uvanleg variant i kvartfinalen mot lag Zimmermann, som skulle koma til å vinne tevlinga.
Del

Velplassert stamp

Den årvisse og tradisjonsrike lagtevlinga Spring Fours gjekk nyleg av stabelen i Bristol i England. For fyrste gong på lenge var tevlinga fullteikna, med 64 lag på startstreken, mange av dei særs gode.

Heilt til finalen kom det irske lag Barton og det amerikanske lag Schnelwar. Barton vann tevlinga i fjor. Amerikanarane Joe Grue, Vincent Demuy, Zachary Grossack og Adam Kaplan er openbert på øvste internasjonale hylle, men då dei òg hadde den meir upolerte spelande sponsoren Susan Schnelwar med seg, verka det på førehand som eit nokså ope oppgjer.
Del