BIN 1-26 er nylig sendt ut. Abonner på BIN i 2026!

Kontraktstikket

Tidt og ofte gjer motparten kostbare feil. Då gjeld det å vera på hogget og utnytte dei. Den unge helgelendingen Markus Hansen Moe vann ein dødsdømd utgang akkurat slik, under påskecupen i Soknedal for nokre veker sidan.
Del

Fulltreffar

Tidlegare kunne vi i denne spalta lesa om eit vakkert motspel signert Steinar Ekren i fjerde runde i NM klubblag. I femte runde, mot Jessheim BK 2, presterte han sanneleg ei ny perle, denne gongen i form av eit fantastisk utspel.

Kva ville du ha spela ut frå vest si hand etter dette meldingsforlaupet?
Del

Ekstrastikket

Jan Emil Græsli frå Singsås har innrapportert eit spel frå ei fredagstevling i BK Missklikk, der bror hans, Bård Kåre, viste glimrande teknikk.
Del

A tempo

Den årvakne kibitzaren Ivar Berg har rapportert inn eit spel han observerte på Realbridge, der Steinar Ekren verkeleg finta speleførar ut på sidelina.

Spelet dukka opp mot slutten av eit spennande oppgjer mellom Vestnes og Bergen akademiske BK 1 i fjerde runde i NM klubblag.
Del

Krafttak

Av og til blir ein ganske enkelt teken når motparten sperremelder. Ein kan gå glipp av ein høg score eigen veg fordi det ville ha vore uforsvarleg å melde seg på. Andre gonger må ein vera modig og kaste seg med i kampen, kanskje på ein mistanke om at makker har kort.

Thomas Charlsen hamna i fylgjande situasjon mot slutten av lag De Bottons komfortable semifinale i den opne lagtevlinga under European Winter Championships i Praha. Motstandarane var det tyrkiske lag Eler, som imponerte stort i denne tevlinga.
Del