Abonner på BIN i 2026 og få med deg årets seks utgivelser.

Fordeling frå attverande

Det er, eller kan iallfall vera, viktig å leggje rett fordeling for å hjelpe makker. Men av og til kostar det flesk, som i vekas spel, som skriv seg frå ein privat robberaftan.
Del

Hopp og sprett og tjo og hei

Praktiske meldingar kjem ein langt med i bridge. Atle Aas Yttereng har fortalt om eit spenstig meldingsforlaup og resultat i Heimdal bridgeklubb.
Del

Skandinavar i India

India er eit land med ambisjonar på mange område, også innanfor bridge. Nyleg var Boye Brogeland, Nicolai Heiberg-Evenstad og danske Christian Lahrmann i Indore i India for å spela i ein indisk meisterskap, kalla opp etter den velkjende lokale maharajaen Yeshwant Rao Holkar II. Det enda med siger i lagtevlinga Holkar Trophy på lag med indiske Keyzad Anklesaria, Aniruddha Bhattacharya og Subodh Maskara under namnet Mavericks.

Det aller siste spelet i finalen var interessant, og skulle syne seg å bli avgjerande. Med eitt spel att leia Mavericks nemleg med 1 fattig IMP.
Del

Hard reprimande

Visse bridgespelarar liker å doble på ein mistanke om at det sit surt for speleførar. Det kan løne seg nokre gonger, men stundom kostar det også skjorta.

Kåre Osvald Bogø straffa motstandaren sin knallhardt for ei spekulativ dobling under ein sosial stovebridge i Trondheim nyleg. Doblaren skal få lov til å vera anonym, men han har mange nasjonale titlar i beltet.
Del

Trippeltrøbbel

I vekas spel fann unge Markus Lund frå Heimdal eit fint motspel for å halde speleførar nede på minimum antal stikk. Ville du ha greidd prøva? Det er partevling.
Del