Erlend Skjetne

Ein frekkas

At Noreg gjer det bra i EM har vi etter kvart vorte vane med (ikkje at det gjer det mindre imponerande!), men eit anna lag som imponerte stort i meisterskapen i Riga var Danmark, med eit ungt og fryktlaust mannskap.

I Danmarks oppgjer mot Sveits var det lenge einvegskøyring, men Sveits tok innpå litt på slutten og greidde å avgrense tapet til 56–36 i IMP. Eit spel der Dennis Bilde verkeleg tok innersvingen på sveitsarane, inneheldt ei opning av det friske slaget.
Del

Optimum

I oppgjeret mellom WBT Powersharks og Scorway i NM monrad lag dukka det opp eit buttspel av det svært lite keisame slaget. Du kan få to meldeprøver i same spel, fyrst som Christian Bakke og deretter som Tom Johansen.
Del

Djupt vonbrot

Når motparten melder ein daudfødd slem og går beit fordi dei manglar ess og konge i ein farge, forventar du gjerne eit plusspel. Her er eit livleg kasus frå kampen mellom WBT Powersharks og EFC Holding i NM monrad lag.
Del

Småtynn opning

At det blir meldt hardt i den moderne toppbridgen, er ei kjend sak. Derimot er det ikkje ofte ein ser regelrett bløffing på det øvste nivået. Inntrykket mitt er at folk dreiv meir med den slags i gamle dagar.

For det fyrste er risikoen ved slike aksjonar skyhøg, katastrofepotensialet stort. For det andre dukkar det fort opp etiske gråsoner, fordi makkeren din naturlegvis ikkje har lov til å «skjøna» at du bløffar ut frå erfaring med tidlegare bløffing, utan at motparten òg har fått innblikk i denne kunnskapen.
Del

Kraftfull oppvurdering

Christian Bakke–Boye Brogeland på lag Rosenthal nådde finalen i den prestisjefulle opne klassen under World Bridge Series i Katowice i Polen, det ein kan kalle ope VM lag. Dei kom «berre» på 22. plass i den innleiande monradtevlinga, så var det fem utslagsrundar mot ei rekkje gode lag.

I kvarten og semien vart høvesvis lag Zimmermann og eit sterkt polsk lag overvunne, før Rosenthal omsider måtte bite i graset mot det amerikanske, franske og nederlandske lag Fleisher i finalen.
Del

Uhell i uhellet

Eit tilbakevendande spørsmål i bridgen er i kva grad ein skal ta omsyn til ein eventuell høg kontrakt eigen veg når ein sperreopnar. Ta handa under, til dømes, som skriv seg frå den kampen i NM monrad lag då favorittane WBT Powersharks møtte lag EFC Holding, som så langt i tevlinga hadde imponert.
Del

Eitt steg tilbake, to steg fram

Av og til må ein ofre eit stikk for å få to tilbake.
Del

Riktig slem

NM monrad lag under Norsk bridgefestival enda med ein klår og komfortabel favorittsiger. I nokre veker framover skal vi sjå døme på særs aktuell og god bridge frå dei fire vinnarane, Geir Helgemo–Tor Eivind Grude og Christian Bakke–Thor Erik Hoftaniska.

Her kan du få prøve deg i slem.
Del

Dilemma?

Frå kampen mellom Noreg og Tyrkia i open klasse i EM i Riga skal du få eit ekkelt val.
Del

Blålappen

Det er ikkje ofte at sluttkontraktar endar med to kryss bak seg, altså redobla. Når det skjer, og det blir heimgang, får ein gjerne sjå nokre scorar som ikkje dukkar opp så ofte. Dagens quiz: 1240, kva score er det?
Del