Stakkars Romania

Romania har aldri vore rekna for nokon stor bridgenasjon. Men med åra har nok dei – som mange andre land utan lange bridgetradisjonar – fått ein del brukbare spelarar som kan hevde seg på gode dagar. Då Romania møtte Noreg i EM for nasjonslag, vart det likevel stygt, med 20–0 til Noreg som sluttresultat.

På det eine spelet syntest eg nesten – men berre nesten – synd på rumenarane. Korleis hadde du vurdert denne situasjonen?
Del

Tynn trumfstøtte

Når to gode spelarar er skikkeleg samspela og trygge på kvarandre, kan vedunderlege ting skje. Her er eit døme frå Noregs pangstart på EM, mot Sverige, som enda med siger 20–0.

Du kan jo gje deg sjølv ei meldeprøve i nord.
Del

Legg lågt

Bak småe IMP-utslag kan det skjule seg mange interessante problemstillingar. Her er eit spennande spel frå Noregs kamp mot Danmark i EM for nasjonslag i Riga.
Del

Jarnbanegull

I desse dagar byrjar EM for nasjonslag i Riga. Litt tidlegare i år vart eit anna EM spela i Elbląg i Polen, nemleg europameisterskapen til jarnbanearbeidarane, det såkalla Jarnbane-EM. Som så ofte før vann Noreg eit klårt gull her. På laget spela Arne Joar Basmo–John Kristen Våge, Terje Hirth–Nils Hirth og Tor Bølum–Inge Mykland.

Vi skal unne oss eit norsk gladspel av sjeldsynt format. Fyrst ei meldeoppgåve: Kva hadde du opna med på denne vifta?
Del

Hast og last

Hastverk er lastverk, heiter det, og at dette er sant, stadfester bridgen ofte. Tallause feil skjer fordi ein har det for travelt og ikkje tenker igjennom ting. Vekas spel er eit døme frå finalen i NM lag på Storefjell no nyleg, mellom lag Vikersund og lag Sunnfjord.
Del

Hardt og godt

Finalen i NM lag vart ein parademarsj for Heimdal bridgeklubb. Dei som i namnet var andrelaget – men definitivt klåre førehandsfavorittar – vann med det enorme snittet 16,81 på dei sju kampane, som vel må vera nær historisk rekord. Det vart også sylv til same klubb, men scoren til sylvlaget var meir normal. Tredjeplassen gjekk etter litt avsluttande spenning til TopBridge BK 7.

Her er ei meldeprøve Geir Helgemo fekk i den siste kampen, mot nettopp dei som skulle bli bronsemedaljørar.
Del

Lur finesse

Vi skal ein tur attende til den sterke amerikanske lagtevlinga Vanderbilt, spela under dei amerikanske Spring Nationals i St. Louis tidlegare i vår.

For Noreg vart det ingen stor jubel, då både Boye Brogeland–Christian Bakke på lag Rosenthal og Geir Helgemo på lag Rubenstein tapte sine kvartfinalar. Men Helgemos lagkamerat Joe Grue kan i det minste skryte av å ha lykkast med ein uvanleg variant i kvartfinalen mot lag Zimmermann, som skulle koma til å vinne tevlinga.
Del

Velplassert stamp

Den årvisse og tradisjonsrike lagtevlinga Spring Fours gjekk nyleg av stabelen i Bristol i England. For fyrste gong på lenge var tevlinga fullteikna, med 64 lag på startstreken, mange av dei særs gode.

Heilt til finalen kom det irske lag Barton og det amerikanske lag Schnelwar. Barton vann tevlinga i fjor. Amerikanarane Joe Grue, Vincent Demuy, Zachary Grossack og Adam Kaplan er openbert på øvste internasjonale hylle, men då dei òg hadde den meir upolerte spelande sponsoren Susan Schnelwar med seg, verka det på førehand som eit nokså ope oppgjer.
Del

Automatisk fadese?

Mykje av det ein gjer ved bridgebordet skjer nærast på autopilot, og i mange tilfelle kan det gå bra. Men det hender òg at den raske og lettvinte bridgen kostar mange poeng. Her er eit døme frå Berkåk BK sin årvisse påskecup i Soknedal. Kva hadde du gjort i motspel?
Del

Kontraktstikket

Tidt og ofte gjer motparten kostbare feil. Då gjeld det å vera på hogget og utnytte dei. Den unge helgelendingen Markus Hansen Moe vann ein dødsdømd utgang akkurat slik, under påskecupen i Soknedal for nokre veker sidan.
Del