Fantasibridge

Etter eit marginalt finaletap som det De Botton opplevde mot Knottenbelt i den opne lagtevlinga i European Winter Championships, er det lett å gråte over dei spela som kunne ha vippa sluttresultatet i rett favør. Vekas spel er strengt teke ikkje blant desse – av og til er jamvel Geir Helgemo sjanselaus på å finne vegen til heimgang.
Del

Billeg skremsel

Å få med seg dei hårfine soneutgangane er av vesentleg tyding om ein skal vinne vanskelege kampar på det øvste nivået. I moderne bridge inneber det at ein stundom òg må finne utgang etter at motparten har opna med ein sterk grand.

I vekas spel, som skriv seg frå den jamne og spennande finalen i den opne lagtevlinga i European Winter Championships, viste Charlsen–Hoftaniska korleis det skal gjerast.
Del

Vinnande teknikk

Sjølv om det er bittert for alle norske bridgesupportarar å sjå landsmenn tapa ein internasjonal finale, er det på sin plass å skryte av det engelske og nederlandske lag Knottenbelt, som greidde å vinne den opne og sterke lagtevlinga under European Winter Championships sjølv om dei – i motsetnad til lag De Botton – hadde ein spelande sponsor med seg.

Sponsoren la nokre vaktelegg her og der, men neppe så mange som venta, og dei to andre para på laget spela særs solid. Her er eit døme på god teknikk frå Tim van de Paverd.
Del

Overdriven respekt?

Lag Zimmermann har hatt ei imponerande merittliste i den internasjonale toppbridgen dei siste åra. Når nokon oppnår ein slik stjernestatus som spelarane på dette laget har, hender det kanskje at motstandarane kan ha i overkant stor tillit til at dei alltid gjer det rette?

Her er eit døme frå European Winter Transnational Championships i Praha nyleg, frå det siste settet i åttandedelsfinalen mellom lag Zimmermann og det engelske lag Dyson.
Del

Verksam tapar

Den tredje utgåva av European Winter Transnational Championships blir i midten av februar spela i Praha – altså på same stad som i fjor.

Tittelforsvarar er lag Zimmermann, som måtte gjennom ein hard batalje mot eit kombinert serbisk og kroatisk overraskingslag for å vinne 2025-tevlinga. Halvvegs i finalen låg Zimmermann under med 50 IMP! Men så snudde det.

Her er eit spel der ei av lag Zimmermanns polske stjerner, Jacek Kalita, viste høg klasse.
Del

Fordeling frå attverande

Det er, eller kan iallfall vera, viktig å leggje rett fordeling for å hjelpe makker. Men av og til kostar det flesk, som i vekas spel, som skriv seg frå ein privat robberaftan.
Del

Hopp og sprett og tjo og hei

Praktiske meldingar kjem ein langt med i bridge. Atle Aas Yttereng har fortalt om eit spenstig meldingsforlaup og resultat i Heimdal bridgeklubb.
Del

Skandinavar i India

India er eit land med ambisjonar på mange område, også innanfor bridge. Nyleg var Boye Brogeland, Nicolai Heiberg-Evenstad og danske Christian Lahrmann i Indore i India for å spela i ein indisk meisterskap, kalla opp etter den velkjende lokale maharajaen Yeshwant Rao Holkar II. Det enda med siger i lagtevlinga Holkar Trophy på lag med indiske Keyzad Anklesaria, Aniruddha Bhattacharya og Subodh Maskara under namnet Mavericks.

Det aller siste spelet i finalen var interessant, og skulle syne seg å bli avgjerande. Med eitt spel att leia Mavericks nemleg med 1 fattig IMP.
Del

Hard reprimande

Visse bridgespelarar liker å doble på ein mistanke om at det sit surt for speleførar. Det kan løne seg nokre gonger, men stundom kostar det også skjorta.

Kåre Osvald Bogø straffa motstandaren sin knallhardt for ei spekulativ dobling under ein sosial stovebridge i Trondheim nyleg. Doblaren skal få lov til å vera anonym, men han har mange nasjonale titlar i beltet.
Del

Trippeltrøbbel

I vekas spel fann unge Markus Lund frå Heimdal eit fint motspel for å halde speleførar nede på minimum antal stikk. Ville du ha greidd prøva? Det er partevling.
Del