Noregs kamp mot Finland gjekk som sagt i gleda til slutt, og det var ikkje mange IMP Noreg betalte ut her. Men tradisjonen tru på ein hyggeleg dag som denne, vel vi å trekkje fram eit av dei fåe spela som ikkje gjekk så bra for Noreg. Det var riktig nok mest interessant i kampen eg fylgde på BBO, mellom Ungarn og Island, der det baud på ein fin sjanse for å utvise godt «safety play».
Løysinga er såre enkel: Etter to gonger hjarter til steling, og så lenge trumfen ikkje sit 4–0, er kontrakten i boks så lenge sparen gjev tri ruteravkast i bordet. Etter tri rundar trumf kan ein faktisk godt spela liten spar frå handa: Aust får for spar dame, men ein får uansett teke spar ti, spela seg inn på handa på ruter ess eller med ei hjartersteling (avhengig av kva aust returnerer inne på spar dame), og så kasta tri ruter på tri store spar. Men det er sjølvsagt betre å vinne den tridje trumfrunden med knekten i bordet, og så segle spar knekt, slik at ein får tolv stikk om spar dame sat tridje framfor. Det blir problem om sparen sit 5–1 eller 6–0 (då slit ein uansett), men å gå beit når korta trass alt oppførde seg så pent som dei aktuelt gjorde, må seiast å vera pinleg for islendingen.
Av Erlend Skjetne