Vest byrjar med ruter konge. Korleis planlegg du spelet?
Utsiktene er lyse. Du toler ein trumftapar dersom du unngår spartapar. Det kan skje ved at du får stole alle tre småsparane i bordet, ved at sparen sit 4–4 i mot og du får god sparkvisten med to stelingar i bordet, eller ved at hjarteren løyser seg for ekstrastikk, i seg sjølv ein god sjanse.
Det som vel å merke ser vanskeleg ut, er å få utnytta hjarteren dersom aust til dømes har dama tredje, i og med at bordet fort vil vera utan sideinntak etter at trumfen er teken ut. Du bør med andre ord satse på sparen, i tilfelle hjarteren ikkje sit gunstig.
Etter å ha stole utspelet, spela Geir Helgemo liten spar til steling, ruter til steling, spar til steling. Så drog han den siste trumfen i bordet til dama, som tapte til kongen. Men resten av korta stod.
Ikkje noko vanskeleg spel for Helgemo, men forutan å skryte av gode, praktiske meldingar, bør vi nemne to moment: Det var livsviktig å spela ruter til steling etter den fyrste sparstelinga, ikkje hjarter til esset – då går det til skogen. Og etter den andre sparstelinga var det like viktig å spela trumf.
Kva om sparen hadde sete 5–3? Sidan speleførar veit at ruteren høgst sannsynleg sit 6–4, får han med den aktuelle speleføringa full teljing på alle korta, og det blir til dømes enkelt å ta ein hjarterfinesse over vest dersom det etter kvart syner seg at aust byrja med fem spar og tre kløver i tillegg til dei fire ruterane. Men blir det ikkje trøbbel om aust byrja med både fem spar og dama tredje i hjarter? Nei, for i sluttpossen greier han ikkje å halde både tre spar og tre hjarter – han blir skvisa.
920 gav den nette sum av 15 IMP til Helgemo og vener (og ville nok ha vore eit temmeleg sikkert gevinstspel i dei fleste tevlingar, det skal seiast). Då Hoftaniska på det andre bordet passa i opning i vest, opna nord i 3 hjarter. Sør tok etter kvart sjansen på 6 hjarter, som med den sure sitsen vart dobla og gjekk to beit.
Av Erlend Skjetne
1) Svake to