Uheldig eller feil?

I helga samla sosiale bridgespelarar i Trondheim og omegn seg til den årvisse førjulssingelen Proffen-cupen, til minne om den dyktige heimdalingen Rune «Proffen» Brattgjerd, som døydde så altfor tidleg.

Medan vi ventar på spel frå 2025-utgåva av tevlinga, skal vi sjå på eit spel frå eit tidlegare år, som enda med lang nase for ein merittert sørspelar.
Del

Den samansette skvisen

Nokre av dei mest avanserte skvisformene manglar vi etablerte norske namn på. Eit døme er det som på engelsk blir kalla ein «compound squeeze». Vi skal ikkje gå inn i vidløftige forklåringar av kva denne skvisen inneber, men kort forklåra er det slik at éin motspelar fyrst blir skvisa slik at ei eller anna form for skvis deretter oppstår mot den andre motspelaren eller båe. I mangel på betre omgrep kan vi kanskje kalle det ein samansett skvis.

Eit særs finurleg døme oppstod i finalen i Soloway Knockout Teams i San Fransisco nyleg, der lag Rosenthal tapte mot lag Shourie.
Del

Sigersskvis

Boye Brogeland og Christian Bakkes lag Rosenthal kom heilt til finalen i den prestisjetunge Soloway-cupen under Fall Nationals i San Francisco. Der vart det diverre tap for lag Shourie.

Sant å seia var det nære på at Rosenthal rauk ut i kvarten, då dei låg under med eitt IMP før det aller siste av dei 60 spela. Men så kom danske Martin Schaltz inn og redda avansementet. Du hadde vel fiksa speleprøva han fekk?
Del

Overkomeleg snedsits

I slutten av april 2024 vart den årvisse tevlinga Trondheim cup spela i Europas vakraste by. Partevlinga laurdag vart vunnen av Christian Bakke–Tor Eivind Grude, medan lagtevlinga sundag vart vunnen av Tippelaget, som var forma av Geir Helgemo–Kåre Osvald Bogø og Erik Berg–Ove Arvid Andersbakken.

Hilde Aas Nøst fekk dreisen på eit noko kronglete spel i partevlinga.
Del

Veslefingeren

Det er nok mykje å tene på å doble hardt i bridge, men ei dobling basert på god trumf kan stundom gje speleførar uvurderleg informasjon om sitsen. Vekas spel skriv seg frå ein nokså lettbeint stovebridge, men sørs speleføring var av det snasne slaget.
Del

På dirran

Vi skal ein tur tilbake til den store amerikanske lagtevlinga Spingold, som vart arrangert i Philadelphia i sumar. Geir Helgemo sitt lag Rubenstein kom heilt til finalen, men tapte her mot lag Wolfson.

I dette spelet var det likevel Helgemo som viste klasse. Du kan sjå om du er like god som han.
Del

Djupkutt

I fyrste kamp i 25–26-utgåva av 1. divisjon møttest dei sterke laga Livgård og Johansen, ein kamp som enda med siger til sistnemnde.

Nils Kåre Kvangraven bidrog godt til denne sigeren med ei strålande speleføring i ein ballhard utgang. Fører du korta like godt som han?
Del

Vendepunkt

Finalen i open klasse i hovudtevlinga i World Bridge Games i Buenos Aires vart spesiell. Etter å ha vunne dei to fyrste setta 40–22 og 48–1 leia Italia med 55 IMP, og eg må innrømme at eg no hadde mist trua på polakkane. Men så klaska dei til med 62–0 i tredje sett!
Del

Skuffa motspelar

Vanlegvis er det grunn til optimisme når ein sit med ein god sekskorts trumf i motspel mot ein utgang. Men i oppgjeret mot Sverige i World Bridge Games i Buenos Aires synte heimelagets stjernespelar Agustin Madala at til og med dette hinderet kan taklast.
Del

Den rette fargen

I semifinalen i World Bridge Games i Buenos Aires i fjor haust dukka det opp ei interessant, men eigentleg ikkje altfor vanskeleg speleprøve.
Del