A tempo

Den årvakne kibitzaren Ivar Berg har rapportert inn eit spel han observerte på Realbridge, der Steinar Ekren verkeleg finta speleførar ut på sidelina.

Spelet dukka opp mot slutten av eit spennande oppgjer mellom Vestnes og Bergen akademiske BK 1 i fjerde runde i NM klubblag.
Suit 1
D 10 7
Suit 2
K 8 7 3
Suit 3
E D kn 10 7
Suit 4
D
Suit 1
K 3 2
Suit 2
E 10 6
Suit 3
K 6 4 3
Suit 4
5 4 3
Symbol 15
Suit 1
8 6 4
Suit 2
D kn 9 5
Suit 3
9 8 2
Suit 4
kn 9 7
Suit 1
E kn 9 5
Suit 2
4 2
Suit 3
5
Suit 4
E K 10 8 6 2
Vest
Nord
Øst
Syd
S. Ekren
J. I. Høyland
G. Ødegård
T. Bakke
pass
1 ru
pass
1 sp
pass
2 sp
pass
2 gr1)
pass
3 kl2)
pass
3 gr
pass
pass
pass

1) Krav

2) Singelton kløver, trekorts sparstøtte

I mangel på freistande utspel sørva Ekren i vest kløver tre. Bordet hadde jo synt singel kløver. Gunnar Ødegård i aust fylgde med sjuaren. I andre stikk drog Tor Bakke spar dame, som han fekk for. Deretter fylgde spar ti, som òg stod!

For oss som ser alle korta, er det enkle overstikk her. Men Tor Bakke ana jo ikkje at kløveren sat 3–3; ut frå utspelet verka det nok meir truleg at vest byrja med fem kløver. I så fall har Bakke slett ikkje råd til å «seife» sparen ved å stikke tredje runde med esset, for det kan godt hende at det er livsviktig å få fatt i fire sparstikk i tillegg til ruter ess og dei tre toppstikka i kløver – han har jo ikkje etablert noko niande stikk enno.

Bakke spela altså spar til knekten i tredje sparrunde, og dimed var handa hans daud!

Det var eit strålande motspel av Ekren, som for det fyrste visste at sør hadde ess og konge i kløver, og for det andre kunne kjenne seg rimeleg sikker på at Bakke ikkje byrja med fem spar – då hadde nok valt å spela 4 spar heller enn 3 grand.

Inne på spar konge heldt det gode motspelet fram med hjarter ess og ny hjarter til kongen, før Bakke ikkje kunne gjera anna enn å fri seg med hjarter frå bordet. Ødegård tok hjarterstikka sine, men så greidde han diverre ikkje å halde labbane unna kløver, makkers utspelsfarge. Dimed stod kontrakten likevel.

Aust bør forstå at vest har ruter konge, for hadde sør hatt han, ville spelet sjølvsagt ha vore over for lenge sidan – og ein logisk konsekvens av at vest har ruter konge, er at sør må ha både ess og konge i kløver, elles er han ikkje i nærleiken av å ha dekning for meldingane sine.

Spelet gav likevel 2 IMP til Vestnes, då resultatet på det andre bordet var 4 spar med eit overstikk. Ein smule overraskande, må det vera lov å seia, vann Vestnes kampen 83–76, og dei er dimed vidare til femte runde i NM klubblag.

Av Erlend Skjetne