Automatisk fadese?

Mykje av det ein gjer ved bridgebordet skjer nærast på autopilot, og i mange tilfelle kan det gå bra. Men det hender òg at den raske og lettvinte bridgen kostar mange poeng. Her er eit døme frå Berkåk BK sin årvisse påskecup i Soknedal. Kva hadde du gjort i motspel?
Suit 1
6 4
Suit 2
E 8 5
Suit 3
E D 6 4
Suit 4
10 7 5 4
Suit 1
10 5 2
Suit 2
7 6 2
Suit 3
3
Suit 4
E K kn 9 8 2
Symbol 8
Vest
Nord
Øst
Syd
1 sp
3 ru
3 sp
4 ru
4 sp
pass
pass
5 ru
dbl
pass
pass
pass

Du vel å lette på kløver ess i utspel. Kongen kan vera eit alternativ; mange har avtale om at makker skal leggje fordeling under kongeutspel mot høge kontraktar. Men idet fire kløver dukkar opp i bordet og aust fylgjer med trearen og sør med seksaren, vil det i alle høve vera vanskeleg å vita kven som har den attverande kløver dame – er det slik at aust skal leggje ho frå dobbelton dersom ein bruker kongeutspel for fordeling?

Kva bør vest spela i andre stikk? Eg tippar at alle dei fire vestspelarane i salen som sat i motspel mot 5 ruter dobla, ganske raskt la ned den andre kløverhonnøren, for dét kan vel ikkje vera farleg anten det no var aust eller sør som byrja med singel kløver? Men for alle desse fire vart nasen særs lang, då sør like etter kunne bokføre 550!

Suit 1
6 4
Suit 2
E 8 5
Suit 3
E D 6 4
Suit 4
10 7 5 4
Suit 1
10 5 2
Suit 2
7 6 2
Suit 3
3
Suit 4
E K kn 9 8 2
Symbol 8
Suit 1
E K kn 8 7 3
Suit 2
D 10 3
Suit 3
kn 8
Suit 4
D 3
Suit 1
D 9
Suit 2
K kn 9 4
Suit 3
K 10 9 7 5 2
Suit 4
6

Hjarteren gav fire stikk og avkast av ein spartapar i bordet. Nord, som i det skisserte meldingsforløpet hadde ei fjern von om å avslutte bodgjevinga med 4 ruter, og som neppe likte godt å stampe mot ein sparutgang av uviss kvalitet, hadde nok ikkje i sin villaste fantasi førestilt seg at 5 ruter kunne fyke heim. 4 spar er då også beit, men vart vunnen med to overstikk på dei fleste bord, da sør hadde eit naturleg utspel av singel kløver.

Så til det store spørsmålet: Burde vest ha unngått å spela ein andre kløverrunde? Om sør hadde dobbel kløver frå start, verkar det usannsynleg at den taparen skal kunne forsvinne nokon stad. Men jo, det kan kanskje skje om sør òg byrja med hjarter dame dobbel – men aust har i så fall 5–5 i major, og ville kanskje ha teke med seg 4 hjarter over 4 ruter?

Kan det vere viktig å skifte hjarter i andre stikk? Neppe. Men jo, det kan vera rett om aust har noko slikt som konge, dame, knekt fjerde i hjarter og ess, dame femte i spar, slik at sør kan få kasta ein hjartertapar i bordet på spar.

Står ein likevel att med den reelle kortsitsen som det mest sannsynlege av alle kritiske scenario? Burde vest difor ha funne spar i vri?

Som ein viss Henrik Ibsen – ikkje fyrst og fremst kjend for bridgespaltene sine – så treffande formulerte det: «Kræv ikke, ven, at jeg skal gåden klare. / Jeg spørger helst; mit kald er ej at svare.»

Av Erlend Skjetne