Better safe than sorry

Det kan diskuterast kor mykje teori ein må kunne for å bli ein brukbar bridgespelar. Men skal ein operere på toppnivå, må ein til dømes kunne vita kva som er det objektivt sett riktige å gjera med visse fargekombinasjonar.

Sei at du har denne kombinasjonen som trumf:

E 2

D 10 9 7 6 5 4 3

Toler du ingen taparar, skal du spela til esset, fordi du då får med deg kongen singel på båe sider, medan det å dra dama vinn berre mot knekten singel i aust.

Kva om du toler éin tapar, men ikkje to? Alle tre trumfane til høgre kan du lett handtere, men du har eit problem om alle trumfane sit til venstre, for du kan ikkje godt dundre i veg ruter dame, som gjev deg to taparar dersom det likevel syner seg at høgre motstandar har trekorts.

Det korrekte er å spela ruter ti frå handa. Er motstandaren til venstre renons, stikk du sjølvsagt med esset, men fylgjer han lågt, legg du liten i bordet. Du tapar nokså ofte eit stikk på denne varianten, men blir rikeleg lønt dersom det viser seg at venstre motstandar faktisk hadde alle tre trumfane.

Merk at prinsippet her blir det same på alle tikortstilpassingar der ein manglar konge, knekt tredje, det må ikkje vera denne spesielle 8–2-tilpassinga.

Suit 1
E K D 9
Suit 2
E D 9
Suit 3
E 2
Suit 4
E K 7 6
Suit 1
10 7 4
Suit 2
K 7 5 3 2
Suit 3
K kn 8
Suit 4
D 10
Symbol 14
Suit 1
kn 6 5 3 2
Suit 2
kn 8 6
Suit 3
-
Suit 4
9 8 4 3 2
Suit 1
8
Suit 2
10 4
Suit 3
D 10 9 7 6 5 4 3
Suit 4
kn 5

Spelet er frå kampen mellom Noreg og Island i open klasse i EM. Den islandske sør skulle spela 6 ruter, og fekk liten hjarter ut frå Boye Brogeland, stukken med esset.

Av og til må ein sjølvsagt vege sannsynet for å tene på ein safevariant i trumf opp mot risikoen ved å til dømes måtte gå inn på den eine handa ein ekstra gong, typisk då fare for steling eller oversteling imot. Men her verkar det ærleg tala ganske openbert at det rette er å ta to høge spar med hjarteravkast, spela hjarter til steling og så la ruter ti gå rundt.

At sør i staden la ned ruter ess, var heldig for Noreg. Helgemo–Heiberg-Evenstad hadde ikkje sitt beste meldingsforlaup på det andre bordet, og landa i 3 grand. Det er triste saker når ruteren ikkje naudsynlegvis kan utnyttast i grand, medan 6 ruter er prima.

Helgemo greidde i kjend stil å drible heim 3 grand, og Noreg vann dimed 12 IMP på spelet. Hadde den islandske sør fått heim 6 ruter, ville Island derimot ha vunne 13 IMP. Noreg vann kampen 54–48 i IMP, men islendingane skulle koma til å imponere vidare i tevlinga, og sikra seg billett vidare til Bermuda Bowl med ein 7. plass totalt.

Til slutt kan det nemnast at ti speleførar i open klasse kunne teorien og vann 6 ruter; blant anna var 1370 butt i oppgjera mellom Nederland og Sveits og Tyrkia og Ungarn. 14 speleførarar gjekk derimot beit i 6 ruter, noko som må seiast å vera litt skuffande.

Av Erlend Skjetne