Billeg skremsel

Å få med seg dei hårfine soneutgangane er av vesentleg tyding om ein skal vinne vanskelege kampar på det øvste nivået. I moderne bridge inneber det at ein stundom òg må finne utgang etter at motparten har opna med ein sterk grand.

I vekas spel, som skriv seg frå den jamne og spennande finalen i den opne lagtevlinga i European Winter Championships, viste Charlsen–Hoftaniska korleis det skal gjerast.
Suit 1
K D 9 4
Suit 2
K 6 3
Suit 3
5 3
Suit 4
D kn 9 2
Suit 1
E 10 8 6 3
Suit 2
10 4
Suit 3
K 7 2
Suit 4
E K 5
Symbol 15
Suit 1
kn 7 5 2
Suit 2
9 5
Suit 3
D 10 8 6
Suit 4
8 7 4
Suit 1
-
Suit 2
E D kn 8 7 2
Suit 3
E kn 9 4
Suit 4
10 6 3

Grandopning, kven har grandopning her?

Vel, i vår tid blir det tidt og ofte opna 1 grand som 15–17 på dei infamøse «14 gode», og her var vest sin 14-poengar god nok til at vestspelarane på båe bord valde å oppvurdere. Det funka i grunnen som fjell, for med ein gamaldags 1 spar i vest, vil nok dei fleste par nord–sør ganske lett finne 4 hjarter.

La oss fyrst sjå på kva som skjedde der engelske Michael Byrne sat i sør og sponsor Maggie Knottenbelt i nord. Nicolai Heiberg-Evenstad opna altså 1 grand, og det gjekk to passar til Byrne som melde 2 ruter, éin major. Det gjekk pass og 2 hjarter, pass eller korriger, og to passar til Heiberg-Evenstad, som inkjeanande balanserte med 2 spar.

No kjempa Knottenbelt med 3 hjarter, Helgemo med 3 spar, og så synest eg at Byrne, mot ein makker som altså hadde til 3 hjarter i ugunstig, burde ha prøvd 4 hjarter. Men 3 spar vart kontrakten, med tre udobla beit som resultat.

Der engelske Ben Norton opna med 1 grand, gjekk det to passar til Thor Erik Hoftaniska som melde 2 hjarter naturleg. Norton sa 2 spar, og så kom nøkkelmeldinga frå Thomas Charlsen: 2 grand, som eg vil tru synte hjarterstøtte og ei positiv hand (om det då ikkje var naturleg). I alle høve sa Hoftaniska 4 hjarter, ferdig med den saka.

Utgangen er langt frå vasstett, for ofte kan jo motparten få tak i ei kløversteling – 3 grand ville i grunnen ha vore det aller beste. Men med snill sits overalt var hjarterutgangen is og brus. 10 IMP til Noreg.

Av Erlend Skjetne